Klypetunet

Klypetunet får til saman 14 leilegheiter fordelt på to etasjar. Her får de ski inn - ski ut i eit solrikt område like ved barneskitrekka og Helgatuntrekket, med gangavstand til alt fjellandsbyen har å by på.

Klypetunet ligg solrikt til, heilt fremst i feltet. Her får du den flottaste utsikta mot Årmotslia og fjella rundt.

Langrennsløypa gjennom fjellandsbyen går like utafor bygningen. Spenn på deg skia, ta frukosten på balkongen, eller slapp av i den flotte leilegheita - uansett tidspunkt og årstid.

Med kort avstand frå avkøyringa til RV 13 og plassering rett ved barneskitrekka ligg Klypetunet flott til. Leilegheiter på 60 - 71,5-77 kvm med 3-4 soverom gjer dette prosjektet perfekt for heile familien. Her får ein 6-9 sengeplassar, og dermed rom til både vaksne, born og vener på besøk.

Parker bilen tørt på parkeringsplassen din i underetasjen, set frå deg utstyret i den store sportsbua og gå tørrskodd opp og inn i ei moderne og romsleg leilegheit. I parkeringskjellaren er det lagt opp til store gode fellesrom for sameiget.

Me har to ledige leilegheiter som er innflyttingsklare 

Leilegheitene midt på bygget har tre soverom, ei romsleg stove med open kjøkkenløysing, bod/teknisk rom og altan. Hjørneleilegheitene har to altanar, 4 soverom og eit ekstra wc. Alle leilegheitene får flott utsikt over dalen, skianlegget og Årmotslia langrennsarena. Bygget er teikna av lokal sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad, som også har teikna ei rekkje andre prosjekt i fjellandsbyen.

Romskildring
Alle leilegheiter får overflater og utstyr av høg kvalitet. Sjå romskjema med detaljert info om materiell, flater og produkt 

Merk deg at desse leilegheitene er no i sluttfasen inn mot overlevering. Det betyr at alle overflater og produkt er bestilt, og at det ikkje kan gjerast endringar eller tilval utover standardleveransen. Ta kontakt om du lurer på noko.

Prisliste og planteikningar
Dei åtte fyrste leilegheitene er innflyttingsklare. Dei seks siste blir klare til sommaren 2018. Sjå prisliste og planteikningar for Klypetunet

John Helge Måren

Prosjektleiar Eigedom
Myrkdalen Fjellandsby AS
Tel: +47 40 45 04 27 
Tel: +47 47 47 16 00
E-mail: john.helge.maren(at)myrkdalen.no
 

Nils Akselberg

Eigedomsdirektør
Myrkdalen Fjellandsby AS
Tel: +47 91 67 30 13
Tel: +47 47 47 16 00
E-mail: nils.akselberg(at)myrkdalen.no

Vidar Nøttveit

Meklar MNEF
Kaland & Partners
Tel: +47 48 88 84 02
E-post: vn(at)kapa.no
 

Bjørnar Berg

Eigedomsmeklar
Kaland & Partners
Tel: +47 48 88 84 68
E-post: bb(at)kapa.no