Knalltilbod på midtvekeopphald i Myrkdalen
Er du ein av dei heldige som har fri midt i veka medan alle andre er på jobb? Som kan byta ut begrepet blåmåndag med puddermåndag? I Myrkdalen ligg alt til rette for alle som vil nyta kvardagen på ski – Midt i veka har Myrkdalen Hotel svært gode prisar på overnatting med heiskort inkludert.
Midtvekeopphald med heiskort inkludert
Bestill Knalltilbod Midtvekepakke
Myrkdalen Hotel ligg rett ved bakken
Skisenteret ligg unikt til mellom fjell og fjord i vakker vestlandsnatur, ein halvtime frå Voss og to små timar frå Bergen.
Spenn på deg skia utanfor hotellet og skli ut i nypreparerte løyper. Her er tilbodet komplett og valmoglegheitene mange.
- To 6-setars stolheisar
- Tre T-krokheisar
- Tre tallerkentrekk
- Saktegåande rulleband for nybyrjarar og born
- 22 løyper og parkar i varierande vanskegrad frå grønt og blått, til rødt og svart.
- Skiskule og Skiutleige
- 8 serveringsstader
- Afterski
- 2 sportsbutikkar
- Treningssenter
Dei 22 løypene i Myrkdalen er like bra ein vanleg tysdag som ein laurdag – trakkemaskinene er i sving kvar einaste dag.
Pudder og frikøyring
Terrenget rundt skisenteret er perfekt for frikøyring, og det er lett tilkomst frå heisane til store område eigna for laussnøkøyring. Berre hugs - ha skredutstyr i sekken, vit korleis du skal bruka det og fyl med på skredfarevarslinga på varsom.no.
Myrkdalen Aktiv tilbyr skred- og frikøyringskurs retta mot skikøyrarar på jakt etter laussnø frå heis og kortare toppturar. For deg som ikkje er så godt kjent i terrenget og ynskjer å oppleva spektakulær utsikt, kan du få skreddarsydd drøymeturen og bli med på guida topptur.
Om du heilt enkelt berre ynskjer å finpussa på teknikken, tilbyr Myrkdalen Aktiv sin skiskule privat- og gruppeundervisning på alle nivå i alpint, park, langrenn, snowboard og telemark.
Jobbar du turnus eller treng avveksling frå heimekontoret? Ta deg ein miniferie på Myrkdalen Hotel og få meir ut av skidagane dine!
Bestill Knalltilbod Midtvekepakke
Mat og drikke når svolten meld seg

Anten du treng energipåfyll mellom rundane i bakken eller berre er kaffitørst finn du gode alternativ blant dei fire kaféane i Myrkdalen. Fjellstova Vetlebotn er siste tilskot, plassert ved Kari Traa-trekket midt i skisenteret. Her vert det servert tradisjonsrik mat basert på lokale råvarer.
Kamben Kafé og Bar - den naturlege møteplassen
Moroa er ikkje over når siste heisturen er tatt. Den fortset på Kamben Kafé og Bar, som i vekedagane er den naturlege møteplassen etter ein fantastisk skidag. Baren byr på ein avslappa afterski-atmosfære. Her finn du eit breitt sortiment med noko godt å drikka. Kanskje ølplanke og saftig spekemat kan freista?
Og er du sportsinteressert er det berre å setja seg godt til rette og sjå på fotballkamp eller andre sportssendingar på dei store TV-skjermane.
Smakfulle middagsopplevingar

Etter ein lang dag på ski smakar middagen på kvelden ekstra godt. På Myrkdalen Hotel finn du heile tre gode restaurantar med ulike konsept. Til felles byr alle på smakfulle rettar laga av reine, lokale råvarer. Finn din favoritt, anten det er steinovnsbakt pizza i Restaurant Tunet eller ein finare trerettar meny i Restaurant Nuten. Ynskjer du ei sosial matoppleving? Sjekk ut fondue-avdelinga på hotellet.
– Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster.
(Bergens Tidende 7. april 2022)
Les også Frå heimekontor til bortekontor
Ta ut den siste energien i langrennsløypene
Har du energi til overs kan du boltra deg i både lysløype og 30 km med langrennsløyper direkte frå fjellandsbyen. Langrennsløypene i Myrkdalen er trakka for både skøyting og klassisk langrenn, men kan òg brukast som turløyper med fjellski.
På kveldstid er løypa opplyst, men det kan vera lurt å ha med hovudlykt i bakhand.
Parker gratis ved Myrkdalen Hotel og la bilen stå under heile opphaldet – her er alt samla på ein plass.
Sov godt på Myrkdalen Hotel
Synk ned i ei god seng på Myrkdalen Hotel og lad opp til ein ny innhaldsrik skidag i Myrkdalen! I tillegg til standardrom har hotellet mange ulike romtypar å velgje mellom – frå familierom med gjennomgang til elegante suiter av ulik storleik.
Ynskjer du ei lita treningsøkt innandørs, er Nr1 Fitness Myrkdalen express i gangavstand frå hotellet. Det 150 kvadratmeter store treningssenteret har ope kvar dag kl. 06-23.