Konsert med DJ Herja, Fashion Victims og Slomosa

Ein herleg vintersesong vert avslutta med utandørskonsert under Open Klasse med DJ Herja, Fashion Victims og det anerkjende ørkenrock-bandet Slomosa.

15.00 - 17.00 DJ Herja snurrar plater og skapar god stemning.

17.00 - 18.00 Fashion Victims
Fashion Victims leverar fengande powerpop/pop-punk låtar.
 
Dei unge rockarane i Fashion Victims spelar slik musikk som gjer at du får lyst til å hoppe rundt i stova, og ta rennafart og slå hovudet og kroppen i veggen i rein eufori." Rune Letrud – Dust of Daylight

Bandet har vore oppvarmingsband for Oslo Ess og The Needs og har opptredd på festivalar som Trondheim Calling, Bygdalarm, Eggstockfestivalen og Kristiania Live. Debutsingelen «Such a Bore» vart omtala som «ein av dei beste norske låtane i sin sjanger» (NRK P13) og «eventyrleg bra» (Adresseavisen). Oppfølgjarane «Never Wanna Go Home» og «Plastic Head» vart tilrådd, lista og omtala av P3 Urørt. Bandet sleppte sitt sjølvtitulerte debutalbum i slutten av februar 2024.

«Eit ekstremt talentfullt band som allereie har laga ein dritbra låt, kanskje ein av dei beste norske låtane i sin sjanger» (Jørgen Hegstad, P13).
«Her går det på London-punk anno 1976-77. Blandinga av popkjensle og energi er så eventyrleg bra at ein må ty til sjølve gullreferansen; dette minner om klassisk Buzzcocks» (Adresseavisen).
«Det ringer i alle delar av kroppen min, det låter så utruleg bra, berre rett og slett ein skikkeleg ekte powerpop låt!» (Jon Vu-Yen Nguyen, NRK P3)

18.30 - 19.45 Slomosa
Heilt sidan premieren på debutsingelen Horses hos NRK Stjernepose, som kåra låten til ein av dei beste i 2019, har ørkenrock-beistet Slomosa frå Bergen skapt bølgjer i inn- og utland.
 
Deira sjølvtitla debutalbum på Apollon Records sommaren 2020 fekk terningkast 6 av Bergens Tidende og 8/10 av Metal Hammer UK, og har over 7.000.000 avspelingar på Spotify åleine. I 2022 spelte Slomosa konsertar i heile 17 land, bl.a. med legendane i Stöner (US) som består av tidlegare Kyuss-medlem Brant Bjork og Nick Oliveri. Hausten 2023 var bandet igjen på ein omfattande Europaturné, denne gongen med Elder (US) og King Buffalo (US).

Konsertane er gratis for og open for alle. Det vert eige område for dei under 18 år.