Pudderparadiset Myrkdalen

Kortreist skiferie

Tenk om du kunne dra på skiferie til ein stad med snøgaranti. Til eit skisenter med tilbod til absolutt alle, uansett nivå. Til ein stad der løypene alltid er nypreppa, og urørt nysnø er nokre stavtak unna. Alt dette og meir til finn du i Myrkdalen – Vestlandet sitt eige vinterparadis.

Bestill skihelg i Myrkdalen

Pakka inkluderer 2 overnattingar, frukost, middag og 2-dagar heiskort.

 

Difor er skiferien i Myrkdalen eit god val i vinter:

Snøsikker destinasjon

Søsikre Myrkdalen
Myrkdalen er eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg.

Med nypreppa løyper og eit tilbod som passar absolutt alle er skisenteret i Myrkdalen kåra til eit av dei beste i Noreg. I Vestlandets mest komplette skisenter finn du familievenlege bakkar, løyper i alle vanskegradar, parkar, skicross-løyper og herleg off-piste terreng.

Dessutan er Myrkdalen eit av dei mest snøsikre skianlegga i landet og sesongen varar som oftast frå november til mai.

Her kan du boltre deg i snø gjennom heile skisesongen

Pudderparadiset Myrkdalen 

Pudderalarm i Myrkdalen
Pudderalarmen går ofte! 

Myrkdalen er blant skistadane som tronar aller høgast på snømålingane gjennom skisesongen i Noreg. Terrenget rundt skisenteret er perfekt for frikøyring, og det er lett tilkomst frå heisane til store område eigna for laussnøkøyring. Gjennom vinteren kan ein høyra gledesrop og latter frå dei som flyt gjennom pudderet – og nettopp pudderdagar er det mange av i Myrkdalen.

 

Ski inn – ski ut

Myrkdalen Hotel

Ski inn - ski ut Myrkdalen Hotel

I hjarta av Myrkdalen Fjellandsby finn du moderne Myrkdalen Hotel, med ski inn – ski ut tilkomst til skisenteret og langrennsarenaen i Årmotslia. Ynskjer du meir boltreplass for familien kan du også bu godt i hytter og leilegheiter av høg standard. La bilen stå parkert heile ferien og bruk tida på gode opplevingar med familie og gode vener. 

 

Pust ut i Årmotslia langrennsarena

Langrenn i Årmotslia

Langrenn i Årmotslia

Ferien i Myrkdalen byr også på gode opplevingar for dei som vil gå på langrenn- eller fjellski. Så snart snøen har lagt seg kan du utfalda deg i 30 km preparerte løyper i Årmotslia, som ligg rett over vegen frå skisenteret.

Området er kupert og passar fint for både treningsentusiastar og barnefamiliar som har skileik, varm kakao og kos på agendaen.

Langrennsmoro for heile familien

 

Vestlandets største parkområde

Park i Myrkdalen

Myrkdalen har også tenkt på dei som vil meir enn å kun køyra alpint. Dei siste åra har det blitt satsa stort på park saman med ShapeCrew. Denne sesongen finn du fire ulike parkar med utfordringar for ein kvar smak. Det siste tilskotet til park-frelste er vår nye «Adventure Slope» ovanfor Storhaugekspressen. Parken er som ei berg-og-dal-bane på snø, ei moderne løype med morosame parkelement for store og små.

 

God mat & drikke

Restaurant nuten

Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet på Myrkdalen Hotel. Her blir rettane laga frå botn av og mykje av råvarene blir levert av lokale bønder. Hotellet har tre restaurantar med à la carte, fondue og heimelaga pizza som er viden kjend langt utanfor landegrensa. Her finn du også tre kafèar, med velsmakande rettar for folk i farta.

 

Heile familien på ski

Familievenlege Myrkdalen
Familievenlege Myrkdalen. 

Det er leikande lett å ta med familien på ski i Myrkdalen. Barneområdet ligg i sjølve basen av skisenteret, med enkel tilkomst frå parkering, leilegheiter og Myrkdalen Hotel. 
Området har eit saktegåande rulleband for dei aller minste, to tallerkentrekk,  tre varierte grøne løyper og «Reveparken» som består av enkle og leikne parkelement. I helger og feriar gjennom vintersesongen er det sjølvsagt mange aktivitetar og arrangement for born og unge.

 

Aktivitetar utan ski

I Myrkdalen kan du også oppleva kjekke aktivitetar utan ski, både for små og store. I vinterferievekene kan du til dømes oppleva hundekøyring, aketur, isfiske og stemningsfull kanefart med hest og slede. Les meir om kva vinterferie i Myrkdalen kan by på.

Les også Ta med borna på ein aktiv skiferie
Ta med barna på en aktiv skiferie i Myrkdalen

Unik overnatting i Tråfjosen

Unik overnatting i Tråfjosen
I sørenden av løa er det installert ein modul der tre vaksne eller to vaksne og to born kan overnatta.

I Myrkdalen har du sjansen til å overnatta i ei gamal løa, omgjeven av historie og vakker natur. Ein snau kilometer frå Myrkdalen Hotel ligg Tråfjosen, ein fjøs der kyr på sommarbeite vart samla og mjølka i gamle dagar. Fjøsen har stått tom i over førti år, men no blir den tatt i bruk att - som overnattingsstad for folk.

 

Opplev Nærøyfjorden 

Nærøyfjorden

Den UNESCO-lista Nærøyfjorden ligg berre 35 minutt frå Myrkdalen. 

Ta fjordcruise eller nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar. Opplev den verdskjente Flåmsbana eller ta turen til Stegastein utsiktspunkt som tilbyr ei panoramautsikt utan sidestykke. Avslutt turen med god mat og drikke på Restaurant Arven på Fretheim Hotel.

Opplev det spektakulære fjordlandskapet på UNESCO si verdsarvliste.

Buss mellom Flåm og Myrkdalen

Med bussen som går mellom Flåm og Myrkdalen året rundt, kjem du deg lett av gårde mellom destinasjonane.

 

Ta toget til Voss 

Kort reiseveg frå Bergen til Myrkdalen
Ta toget og buss til Myrkdalen!

Det er enkelt å koma seg til Voss med tog frå Oslo og Bergen, og gratis skibuss vidare til Myrkdalen. Å køyre frå Bergen til skisenteret er gjort på under to timar. Frå Oslo tek det ca fem timar og den raskaste fjellovergangen er Hemsedalsfjellet. 

Bestill skihelg i Myrkdalen

Pakka inkluderer 2 overnattingar, frukost, middag og 2-dagar heiskort.