Kubb

Kubb er eit kjekt spel for to til tolv deltakarar og passar for både store og små.

Kubb

Reglar:

Oppsett: 5 klossar ved kvar baselinje. På sirkelen i midten står kongen. Kvart lag har 6 kastepinnar.

Start: For å finna ut kva lag som skal starta, tek kvart lag ein kastepinne og kastar mot kongen. Laget som kjem nærmast kongen utan å slå han ned, startar.

Lag A byrjar med å fordele dei 6 kastepinnane innan laget. Lag A skal no kaste kastepinnane mot motstandarane sine klossar frå si baselinje. Når alle kastepinnane er kasta, skal Lag B kaste dei fallne klossane over på Lag A si banehalvdel. Ein har tre forsøk på å kaste dei innanfor Lag A si banehalvdel. Mislykkast ein den tredje gongen, får motstandarlaget plassere klossen der dei vil. Når klossane er kasta, reiser motstandarlaget dei opp att, slik at dei står rett frå der dei ligg. No er det Lag B sin tur til å kaste dei 6 kastepinnane frå si baselinje. Det gjeld no først å prøve å felle klossane som Lag A felte, deretter å felle klossane på baselinjen. Om Lag B ved ein feil fell ein kloss på baselinjen før dei fel Lag A sine nedfelte klossar, reiser ein opp baselinjeklossen att. Når Lag B lukkast i å felle dei tidlegare felte klossane, blir dei teke ut av spelet. Spelet held fram vekselsvis til alle motstandarlaget sine klossar er felt. Det laget som først får ned alle motstandarlaget sine klossar får kaste på kongen. Når kongen blir felt, vinn laget.