Smak & Tonar

Kulinariske arrangement

Kjærleik for mat og bruk av lokale råvarer kjenneteiknar kjøkkenet i Myrkdalen. Gjennom heile året får du varierte og gode rettar basert på lokale og sesongbaserte råvarer i restaurantane våre. I tillegg har me ei rekkje arrangement med fokus på smakfulle opplevingar.

Unike smakar på Myrkdøl

Arrangement i Myrkdalen

Hausten er fantastisk til fjells - eit fargerikt teppe legg seg over naturen, lufta er frisk og fjellet byr opp til leik. Som vanleg har me eit innhaldsrikt program i heile haustferien med sykling, vandring, hesteriding og mykje god mat og drikke.

Tradisjon tru avsluttar me haustferien med Myrkdøl på Myrkdalen Hotel.  Laurdag 16. oktober kjem ei rekkje lokale bryggeri og deler sin ølfilosofi, gode smakar og historiar med oss. Her blir det kurs, bayer-inspirert middag og sjølvsagt underhaldning!

Les meir og bestill

"Jeg kan ingenting om vin" - Vilt og vin i Myrkdalen (UTSELD)

Jeg kan ingenting om vin

Laurdag 23. oktober kjem Merete Bø og Thomas Giertsen til Myrkdalen, duoen som for tida er i vinden med podkasten "Jeg kan ingenting om vin". Dette blir ei lærerik, morosam og smakfull oppleving utanom det vanlege!

Denne svært populære nykomaren er no utseld. 

Fransk tema på Smak & Tonar

Smak&tonar

I november er det duka for det svært populære arrangementet Smak & Tonar på Myrkdalen Hotel. For femte år på rad kjem sjølvaste Ørjan Johannessen, meisterkokken som vaks opp på kjøkkenet med kokkeforeldra sine på Bekkjarvik Gjestgiveri. Prisbelønte Johannessen er ein allroundar på kjøkkenet med stor sans for lokale råvarer og tradisjonelle rettar med ein ny vri. Menyen som blir sett saman er ei overrasking kvart år, det einaste me røper er at årets tema er fransk, så her er det berre å gleda seg.

Vinen til maten er sjølvsagt frå Frankrike, og dei edle dråpane er utvald av sommelier Merete Bø, vinjournalist i DN og nordisk meister for vinkelnere. Det siste året har ho i tillegg vore programleiar for vin-podkasten til DN "Jeg kan ingenting om vin", med Thomas Giertsen. Bø kjem til Myrkdalen denne novemberkvelden og presenterer dei ulike vinane som er utvald for kvar rett. Kvelden blir avslutta med franske tonar av Johan Egdetveit Trio. Dei spelar mellomkrigsswing og franske musettevalsar i herleg harmoni - virtoust og særs underhaldande. 

Bestill Smak & Tonar

Nyt førjulstida med julebord på Myrkdalen Hotel 

Julebord på Myrkdalen Hotel

Førjulstida og julebord handlar om gode matopplevingar i godt lag - med vener, kollegaer eller famile.

Tradisjon tru inviterer me til julebord på Myrkdalen Hotel og som i fjor legg me endå meir vekt på at maten og praten rundt bordet står i fokus. Den tradisjonelle julebordsbuffèen er byta ut med ein herleg 4-rettars julemiddag, laga av lokale råvarer. 

Tida me er inne i gjer at me har endra på julebordskonseptet i retning "fine dining". Her har det opna seg opp spanande moglegheiter for kjøkkensjefen, som gler seg til å setja saman ein variert meny for julebordet.

Les meir og bestill