Få bedre carvingteknikk

Lær deg carvingteknikk

Dei fleste har høyrd om å "ligga på skjær", men kva må ein eigentleg gjera for å meistra den perfekte carvingsvingen? Saman med leiaren i Myrkdalen Skiskule, Jill Garen, gjev me deg tipsa du treng for å få betre carvingteknikk. 

Lær deg carvingteknikk
Bli betre på carvingski med Jill Garen. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Jill, som har vore skilærar i over 30 år, har opparbeida seg mykje erfaring og kompetanse på dette.
- For svært mange skikøyrarar er målsetjinga å få den herlege kjensla av å ligga på skjær, der skia gjer jobben for deg. Enkelt sagt er carvingsvingar ein køyreteknikk der ein snittar svingane på kanten av skia, utan å skli sidelengs. Det høyres ganske enkelt ut, men i praksis er det svært mange element som skal klaffa samstundes. Start difor med ei oppgåve av gongen, for så å etterkvart setja saman alle elementa, seier Jill entusiastisk

Bestill her Privatundervisning
Privatundervisning hos Myrkdalen Skiskole
 

Start i ei blå løype
- I Myrkdalen er løypene breie, og alltid velpreparerte - ein perfekt kombinasjon for å øva på carvingsvingar, seier Jill. Den beste plassen å starta er i breie og oversiktlege blå løyper, og favorittplassen min for dette er løype 19, Hirthamyrane. Her er helninga optimal for å bli introdusert til skjærande svingar.
- Og i vekedagane har du ofte løypa heilt for deg sjølv, legg ho til. 

Jill sine 6 tips

Lær deg perfekt carvingteknikk
Lær deg perfekt carvingteknikk med Myrkdalen Skiskule. Foto: Iain McQuirk

1.    Du må ha ein god grunnposisjon med skia i omtrent hoftebreidde. Ryggen skal vere lett krum, og armane skal peike lett framover, som om du står i mål.
2.    Sjå langt fram.
3.    Len deg godt framover i skoa, og hald deg der gjennom heile svingen. 
4.    Lågt tyngdepunkt for å utnytta kreftene mest mogleg.
5.    Skia skal gå som togskinner i snøen der innerski skal fylgje ytterski gjennom heile svingen.
6.    Ha fokus på å få mest mogeleg trykk over ytterski.

Stopp opp og sjå på spora bak deg. Ligg det to tynne linjer att i snøen kan du klappa deg på skuldera og ta steget vidare i ei raud løype. Ligg det skrens i spora, er det berre å øva vidare.
- Og ikkje gløym å ha det moro når du øver, avsluttar Jill.