Test

Landevegssykling – frå fjell til fjord

Riksvegen frå Myrkdalen Fjellandsby til Vik ved Sognefjorden byr på fossar, hårnålssvingar, høgfjellsterreng og fjordidyll - perfekt for landevegssykling! 

Bestill overnatting på Myrkdalen Hotel

Turen startar ved Myrkdalen Hotel som ligg på 450 moh. Frå hotellet går det slakt innover til Kvassdalen – ein klassisk og frodig u-dal som vart forma av isbreen for tusenvis av år sidan.

Både geiter og kyr går på beite i denne dalen og dei har teke like mykje eigarskap til vegen som trafikantane i området. Til tider må ein køyre i sikk-sakk for å koma forbi dyra som nyt sommardagane på og langsmed vegen.

 

Frå fjell til fjord

 

Hårnålssvingar mot Vikafjellet

Frå Kvassdalen startar den store styrkeprøven opp hårnålsvingane mot Vikafjellet. Vegen slynger seg bratt oppover ved sida av den 90 meter høge og spektakulære Sendefossen. Når vassføringa er stor får du ein lett dusj i nokre av svingane oppover. Ikkje gløym å sjå deg rundt på vegen opp – naturopplevinga her er utan sidestykke. 

 

Vikafjellet

Vikafjellet er fjellområdet som strekk seg mellom Sognefjorden, Vossafjella og Masfjordfjella. Her går vegen i kupert terreng - langs fjellvatn, frodig landskap og nydeleg høgfjellsterreng. Snøen ligg lenge her oppe – ofte til langt uti juli.

Rett før du startar nedkøyringa til Vik må du gjennom den 1000 meter lange Storehaugtunnelen. Ha difor med deg ljos til sykkelen og ta på deg refleksvest før du syklar inn i tunnelen og vis varsemd for dei andre trafikantane. 

Les også Fem flotte turar på landevegssykkel
Fem flotte turar på landevegssykkel

Vegen frå Myrkdalen til Vik er ein kontrastfull tur – På snaue 40 kilometer får du oppleva høgfjellsterreng, fossefall, fjordlandskap og spektakulære hårnålssvingar. 

Sjarmøretappen til Vik

Mot Vik på landevegssykkel
Foto: Magnus Roaldset Furuseth

Etter Storehaugtunnelen stupar vegen nedover mot den koselege bygda Vik, som ligg nydeleg til på sørsida av Sognefjorden. Her er det berre å nyta nedfarten og justera farten etter evne.

Vel nede i Vik kan du ta eit forfriskande bad i fjorden. 

TIPS: Vik er kjend for gamalost! Prøv nye variantar av osten på Meieriet Kafe i sentrum. Besøk stavkyrkja Hopperstad og gå den fine turen vidare til steinkyrkja Hove som er ein av dei eldste steinbygningane i landet.

Les også: Breiskrednosi - ei skjult perle midt i verdsarvriket Breiskrednosi

Bestill overnatting på Myrkdalen Hotel

<% totalFilter %> filter applicerade