Langrenn i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Langrenn i Myrkdalen

For deg som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her finn du preparerte løyper for både klassisk og skøyting.

30 km samanhengande løypenettverk

Langrenn i Myrkdalen
Nyt dagen i Årmotslia Langrennsarena. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Løypenettverket startar i Myrkdalen Fjellandsby - så her kan du starta turen rett utanfor døra di. For å koma deg over hovudvegen, går du forbi barneområdet og vidare til Helgatun. Her fører den nye skibrua over RV13 deg rett inn i Årmotslia langrennsarena, som er ei fem km blå rundløype i småkupert terreng. 

Området er kupert og passar fint for både treningsentusiastar og barnefamiliar som har skileik, varm kakao og kos på agendaen. 

Ynskjer du å gå ein lenger tur kan du gå opp mot Revhaugen og Kvanndalen Rundt som er ca 16 km tur/retur. Den siste varianten er å gå Bygdadalen som endar ved Myrkdalsvatnet. På ettermiddagen kan du få skyss med skibussen tilbake til hotellet, eller du kan gå same tur tilbake. 

Vikafjellet

Fjellski på Vikafjellet

På Vikafjellet er det gode høve for fine fjellskiskiturar i dei vakre fjellområda – her finn du både toppar og slake vidder. Ein vanleg plass å starte frå, er parkeringplassen like ved kommunegrensa mellom Voss herad og Vik. Vikafjellet er godt eigna både for langturar og barnefamiliar som vil på pulktur og nyta snøen.

Kart over Årmotslia

Dei ulike fargekodane på løypekartet betyr følgjande:

Lysegrønt: Mindre enn 3 timar sidan
Mørkegrønt: I dag, meir enn 6 timar sidan
Blå: I går
Lilla: To dagar sidan
Oransje: 3-15 dagar sidan
Raud: 15 - 30 dagar sidan
Svart: Meir enn 30 dagar sidan