Langrenn i Myrkdalen. Foto: Sverre F. Hjørnevik

Langrenn og fjellski

For deg som vil trena langrenn eller ynskjer familievenlege turar ligg Årmotslia rett over vegen for skisenteret. Her finn du preparerte løyper for både klassisk og skøyting.

Sjå turløypekart (PDF) for Myrkdalen

På Vikafjellet er det gode høve for fine fjellskiskiturar i dei vakre fjellområda – her finn du både toppar og slake vidder. Ein vanleg plass å starte frå, er parkeringplassen like ved kommunegrensa mellom Voss herad og Vik. Vikafjellet er godt eigna både for langturar og barnefamiliar som vil på pulktur og nyta snøen.

Fjellski på Vikafjellet

Området rundt Myrkdalen har også fint turterreng. Flotte turar som Bjørndalskamben og Finnbunuten passar best når vêret er fint og stabilt. 

Hugs å ta med kart og kompass! Dette kan du kjøpa hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige. 

Kart over Årmotslia

Dei ulike fargekodane på løypekartet betyr følgjande:

Lysegrønt: Mindre enn 3 timar sidan
Mørkegrønt: I dag, meir enn 6 timar sidan
Blå: I går
Lilla: To dagar sidan
Oransje: 3-15 dagar sidan
Raud: 15 - 30 dagar sidan
Svart: Meir enn 30 dagar sidan