Langrenn skøyting

Få meir glede av langrennsturen med rett skiteknikk. Me tilbyr skøytekurs på ulike nivå.

Dei ulike øvingane du lærer på kurset kan du også føra vidare til barn og familie etter endt kurs. Ved ein meir effektiv teknikk og arbeidsøkonomi, vil du garantert få større skiglede i vinter!


SKØYTEKURS FOR NYBYRJAR

Dette kurset passar deg som har lite eller ingen erfaring med skøyting på ski, og har lyst å lære grunnleggjande teknikk.

Læring og fokus på kurset:

- Skibalanse

- Tyngdeoverføring

- Stavisett

- Enkeldans lett terreng

- Glidende fiskebein motbakke

- Padling


SKØYTEKURS FOR VIDAREKOMEN

Dette kurset passar deg som har eigne skøyteski/utstyr, har øvd litt på eigenhand, men ynskjer å gå lettare og litt fortare reint teknisk på skøyteski.


Innhald og fokus på kurset:

- Enkeldans lett terreng

- Dobbeldans slak motbakke

- Padling bratt motbakke

- Arbeidsøkonomi

- Variasjon og kombinasjon av ulike teknikkarmotbakke


TIDSPUNKT

Skøytekurs nybyrjar: kl. 10.00 - 12.00

Skøytekurs vidarekomen: kl. 13.00 - 15.00


KAPASITET

8 personer per kurs


OPPMØTE

Ved oppmøteplassen til Myrkdalen Skiskule, rett ved Myrkdalen Hotel.


BEKLEDNING

Vindtette og lette treningsklede – lue og hanskar.

Ta gjerne med ein liten sekk med drikke og ekstra klede(varm jakke og vottar)


ANBEFALT LENGDE PÅ SKI OG STAVAR

Skøyteski – kroppslengde pluss 5-10 cm

Stavar – Kroppslengde minus 20-25 cm

Ein må stilla med eige utstyr eller leiga dette hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige


NB! Me treng minimum 4 deltakarar for å gjennomføra kurset. Ved færre deltakarar kan kurset bli avlyst.