Ledig stilling som bookingsjef

Stillinga er 100%.

MYRKDALEN HOTEL

Myrkdalen Hotel er meir enn berre eit hotell. Me er ein fjelldestinasjon med mange aktivitetar og arrangement som går gjennom alle sesongar med eit bredt kundesegment. På Myrkdalen Hotel blir du ein del av eit engasjert og kunnskapsrikt team, og du blir ein synleg person i vårt velkomstteam som står i front for at gjestene får ei oppleving av noko meir enn berre ei overnatting. Saman med oss vil du vera ein del av eit stort miljø i Norway’s best konsernet som består av fleire hotell og destinasjonar, og spennande moglegheiter.

Eigenskapar
Me søkjer deg som er nøyaktig og løysingsorientert. Er strukturert med gode organisatoriske eigenskapar. Du er profesjonell og personleg og har godt humør i møte med gjester, medarbeidarar og samarbeidspartnarar.

Om stillinga og ansvarsområde

  • Handsama bookingar for grupper, kurs og konferanse.
  • Utsending, samt oppfølging av tilbod, kontraktar og fakturering.
  • Oppretta kundekort i vårt bookingsystem HotSoft PMS.
  • Rådgjeving, oppsal og meirsal.
  • Samarbeid med alle avdelingar og bidra til høg serviceleveranse i alle ledd.
  • Kunna førebu møteromsfasilitetar før møter, og bidra på visninger og arrangement ved behov.
  • Diverse forefallande arbeidsoppgåver og systemrevisjonar.

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Erfaring frå liknande stilling, fortrinnsvis frå hotellbransjen. Uavhengig av bransje er me på jakt etter den som er dedikert og motivert.
  • Høgare utdanning innan relevante område (relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning).
  • Er salsorientert
  • Fleksibel og løysingsorientert, og trivst i ein variert og travel kvardag.
  • Beherska norsk og engelsk skriftleg og muntleg.
  • Påliteleg, tillitsskapande og lojal, og ønsker å bidra til eit positivt arbeidsmiljø.

Me tilbyr

  • Ei spanande og variert stilling i eit hyggeleg og hektisk arbeidsmiljø. Du får høve til å jobba både sjølvstendig og i tett samarbeid med andre avdelingar i destinasjonen.
  • Ordna lønns- og arbeidsforhold i samsvar med Myrkdalen Hotel og Norway’s best AS sine retningslinjer.
  • Utviklingsmoglegheiter.
  • Ein aktiv destinasjon med ski-, sykkel og turmoglegheiter.
  • Du vil verta ein del av eit miljø med høgt tempo og engasjement, der initiativ og drivkraft er kvalitetar me verdset.

Søknadar vert behandla fortløpande.

CV og søknad sendast til:
Solvor Dolve
Hotelsjef
solvor.dolve@myrkdalenhotel.no