Leite

Leite - attraktive leilegheiter i Myrkdalen Fjellandsby

Leite har 12 attraktive leilegheiter med to til fire soverom og parkeringsplass i underetasjen. Leilegheitene her har kort avstand til sentrum av fjellandsbyen med eit heilårleg aktivitetstilbod og mange servicetilbod. 

Kjøp før 1. juli og få familiesesongkort i skianlegget for dei tre neste åra inkludert. Totalverdi 45 000 kr! 

Eigedomsvisning

Dei sør-aust vendte leilegheitene ligg like ved Vossestrand Hotel og har flott utsikt mot Svolefjell og Røvhaugen. Med leilegheit i Leite kan du parkera bilen tørt på parkeringsplassen og setja frå deg utstyret i den store sportsbua før du går tørrskodd inn i ei moderne og romsleg leilegheit. I parkeringskjellaren er det også lagt opp til store og gode fellesrom for sameiget.

Sommartilbod til 1. juli
Kjøp før 1. juli og få familiesesongkort i skianlegget for dei tre neste åra inkludert. Totalverdi 45 000 kr! 

Sommartilbod (gjeld heile sommaren)
Kjøper du ei av leilegheitene over 60 kvm i sommar får du oppgradering med ekstra toalett og vask med på kjøpet. I tillegg får alle kjøparar høve til å oppgradere golv med inntil kr. 200 pr m2. (ekskludert flisgolv)

Eigedomsvisning
Eigedomsmeklaren vår, Tone Ravnanger, er tilgjengeleg for eigedomsvisningar i Myrkdalen, både vekedagar og helger. Ta gjerne kontakt med ho og avtal ei tid som passar. 

Leilegheitene får også direkte tilkomst til langrennsløyper og utandørs leikeområde.

SJÅ: Prisliste og planteikningar

Ord frå sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad

Leite er planlagt på tilsvarande måte som bygga i populære Klypeteigen ved Helgatun. Bygget har to etasjar med fritidsbustader og parkering og bod i underetasjen. Huset har tre ulike typar husvære med ulik størrelse og rasjonelle planløysingar. Her er det god utsikt, morgonsol og gode soltilhøve på dagtid. Området ligg inntil skiløype og tursti som fører direkte til sentrum av Myrkdalen Fjellandsby og vidare til Årmotslia.

Bygget har miljøvenlege materialar som tåler ein støyt - parkett på golv, trepanel på veggar og i tak, trevindauga og trepanel utvendig. Med unntak av parkeringskjellaren er alle berekonstruksjonar i tre. Mandatet frå utbyggjar har vore å skape effektive husvære som flest mogeleg har økonomi til å kjøpe.

Leite

Om leilegheitene

2 soverom
Dei minste leilegheitene på 60 kvm har to soverom og ei bod / disponibelt rom som mange vel å nytta som eit ekstra soverom med køyesenger. Leilegheitene har også altan. Det er kun to stk av desse leilegheitene.

3 soverom
Leilegheitene midt i bygget er på 72 kvm. Desse har tre soverom, ei romsleg stove med open kjøkkenløysing, bod / teknisk rom og altan.

4 soverom
Hjørneleilegheitene er 83 kvm og blir levert med altan og ekstra stort spiseplass, fire soverom og eit ekstra wc. 

Bygget er teikna av sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad, som har teikna ei rekkje av dei mest populære prosjekt i fjellandsbyen.

Sjå kva andre bustadprosjekt me har, for å finna det som passar deg best.

Sjå oversiktskart

Oversiktskart til Leite