Kamben Kafé & Bar
I Kamben, rett ved Myrkdalsstovo Velkomstsenter og Myrkdalen Hotel, finn du Kamben Kafé & Bar.
Her kan du nyta enkle rettar, den beste kaffien i området og eit stort utval øl frå lokale bryggeri.
Me viser også sportsendingar på TV-skjermane våre. Er det store fotballkampar eller vinteridrettssendingar på gong så skal me sjølvsagt sørga for at du ikkje går glipp av dei.



Kamben er inspirert av fjellet Bjørndalskamben
Med 1402 moh. er Bjørndalskamben det høgaste fjellet i Myrkdalen, og frå toppen er det storslått utsikt mot Hurrungane, Fresvikbreen, Vikafjellet, Myrkdalen og Vossefjella.
Arkitekten har også latt seg inspirera av fjellet, og ser du godt etter kan du finna att likheitstrekk mellom bygget og formasjonen på fjellet.
Konseptet med lokal forankring er vidareført inne i lokalet med innslag av stein- og naturelement. På drikkemenyen finn du sjølvsagt eit stort utval av lokalt øl.
Kos deg med noko godt i glaset!