Myrkdalsstovo Velkomstsenter
Kaféen rett ved sida av billettkontoret er kjent for sine nysteikte vafler, bollar og signaturretten Skikøyrar-sandwich. Har du medbrakt niste er du velkomen til å eta den her.
Den freistande lukta av varme, nysteikte vafler som møter deg i døra, er nesten ikkje til å motstå. Unn deg ei plate med syltetøy og rømme og noko varmt i koppen. Og har du enno ikkje smakt den populære signaturretten "Skikøyrar-sandwich", har du noko å gle deg til.


Et nista di eller kjøp i kaféen
I kaféen serverer me elles andre smårettar, nysteikte bollar og "grab and go" med baguettar. Du vel sjølv om du vil eta inne eller ta med.
Har du med deg niste du helst vil eta, kan du gjera det her.
Kioskvarer og nysteikte brød
Her finn du også ulike kioskvarer, og om morgonen har me nysteikte brød til sals, perfekt til dei lange helgefrukostane.
Heiskort
Heiskort kan du kjøpa i Velkomstsenteret og på automatane som står på hotellet og Sport1 Myrkdalen.
Du kan også kjøpa heiskort online.
Opningstider & menyar Restaurant & kafèar
Legg frå deg utstyr i verdiskapet
I Myrkdalsstovo sitt velkomstsenter kan du òg leggja frå deg utstyr i verdiskapet. Har du mista noko i løpet av opphaldet finn du også hittegods her. På hotellet finst det større oppbevaringsskap dersom du har behov for det.