Pudder Kafé & Bistro
Pudder finn du på vestsida av Myrkdalen Hotel rett ved pumptracken.
I vintersesongen er Pudder den store afterski-staden i Myrkdalen, med DJ som serverer den eine festlåten etter den andre etter endt skidag.
Om sommaren senker me pulsen i lokalet og gjer Pudder om til ein koseleg kafé og bistro med ein uformell og venleg atmosfære. Her kan du nyta gode, lette måltider i kafé-delen på dagtid frå kl. 10.
Etter kl. 17 kan du sjekka ut den nye bistro-menyen med fristande kjøt- og fiskerettar, medan du nyt utsikten opp mot fjellet med sommarheisen som går kvar dag.
Vinter
Om vinteren, etter endt skidag sørger DJ-en for ein god afterski-fest på Pudder med musikk som får alle ut på dansegolvet. Og om du ynskjer, kan du og gjengen din fortsetja festen utover kvelden med nattklubb. Her også vil DJ-en sørga for høg feststemning og hæla i taket.
Snøen lavar ned i Myrkdalen om vinteren og Pudder Afterski heidrar varemerket vårt.