Salto Lobby bar

Salto Lobby Bar

Baren i fyrste etasje på Myrkdalen Hotel er ein hyggeleg samlingsstad der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta nye krefter til morgondagen.

Salto Lobby Bar Myrkdalen Hotel

Ved å ta namnet Salto ynskjer lobbybaren å heidra sporten og leiken. Voss er ei kjend freestylebygd, og Myrkdalen har vore arena for fleire store internasjonale konkurransar; Freestyle VM i 2013 og verdscup i Big Air i 2016.

Me har sett imponerande saltoar i alle mogelege variantar i skibakken 
- utførde av verdas beste utøvarar.

Salto Lobby Bar Myrkdalen Hotel

Ved å ta namnet Salto ynskjer Lobbybaren å heidra sporten og leiken
- både i og utanfor skibakken.

Flinke og erfarne bartendarar står klare for å laga drinken du ynskjer. Kos deg med noko godt i glaset!