Matlaging på bål

Matlaging på bål

På jakt etter kortreiste og alternative aktivitetar i fritida? Me har fått tips av Nina Trana til nettopp dette. Ho er ei av fem jenter bak boka Turgleder, eit resultat av faget «Ungdomsbedrift» som dei hadde i andre klasse på Voss Vidaregåande Skule.

Omlag halve boka er fylt med oppskrifter på mat ein kan lage utandørs, eller mat som er god å ha med seg på turen. Resten av boka inneheld tips og triks, blant anna om ulike båltypar og korleis ein kan ta vare på naturen.

Samlingsstaden rundt bålet i fylgje Nina er det lite som slår det å sitja rundt eit glødande og knitrande bål. Det å sjå inn i dei ivrige flammene som slukar kvist etter kvist er noko folk i alle aldrar let seg fascinere av. Bål gjev varme, ein kan bruka det til matlaging og ikkje minst er det viktig for turgleda si skuld.

Pyramidebål

Dette er nok det bålet flest kjenner til. Du byrjar med å lage ein haug opptenningsmateriale. Deretter set du vedkubbar opp mot kvarandre over slik at dei dannar ein pyramide. Tenn på nedanifrå.

Pagodebål

Dette er ein båltype som ofte vert brukt fordi det brenn lenge, og skapar mykje varme. Ein må byrje med eit godt grunnlag. Legg tre – fire vedkubbar på bakken, og bygg bålet oppå desse. Legg så to vedkubbar på tvers over desse, og legg igjen to nye oppå der igjen. Lag så mange etasjer du ynskjer, alt etter kor lenge du vil at bålet skal brenna. I midten av pagoden legg du opptenningsmateriale. Tenn på bålet frå botnen om sumaren. Om vinteren kan du tenne på frå toppen, for å unngå at det smeltar ned i snøen.

Stjernebål

Dette er godt eigna som matbål, og er lett å lage. Stjernebål krev lite ved, som kan vere ein stor fordel i nokre terreng. For å lage eit stjernebål startar du med eit lite pyramidebål i midten, deretter legg du 5 – 8 vedkubbar i ein sirkel rundt pyramidebålet (kubbane dannar ei stjerne inn mot pyramiden). Etter kvart som det brenn dyttar du kubbane inn mot midten
 – Å laga mat på bål i naturen er både kjekt og lærerikt for borna, seier Nina entusiastisk. Det viktigaste ein må hugse på, er at ein må la bålet brenne ei stund før ein byrjar å laga mat – glør har ein jamn varme og er perfekt for matlaging. Vidare legg ho til at aluminiumsfolie er ein god ven å ha på tur, for den brenn ikkje opp. – Det beste tipset eg kan gje er å vera tolmodig og fylgja godt med når ein lagar mat på eit bål, avsluttar Nina.

To av Nina sine favorittoppskrifter frå boka «Turgleder»

Epledraum

Eple på bål

Epler er herleg på tur! Denne desserten passar perfekt etter middag, eller som kos rundt bålet.

Ingrediensar
1 eple
Knust kjeks
Sukker og kanel
Litt smør

1. Hol ut kjøtet i midten av eplet, men pass på at du ikkje lagar hol tvers gjennom
2. Ha i knust kjeks, kanel, sukker og smør
3. Legg eplet på bålet til smøret har smelta

Skaukebab

Skaukebab

Ein mett og god mage er viktig om turen skal vera vellukka. Denne kebaben smakar ikkje berre godt – den gjev mykje energi og eit smil om munnen.

Ingrediensar ( 4 porsjonar)
400 gram kjøt eller kjøtdeig i strimler
2 ss smør
2 ts salt, 2 ts peppar;2 ts malt spisskummen
2 båtar finhakka kvitlauk
1 stk finhakka chili
150 gram sopp
4 stk vårlauk i strimler
Ca 6 ss yoghurt naturell eller rømme
8 stk pitabrød

Bland alt krydderet i ein pose for å spara plass og vekt i sekken

1. Kutt kvitløk, chili og vårlauk i passe store bitar
2. Steik kjøttet
3. Steik soppen. Når soppen er nesten ferdigsteikt, tilset du chili og kvitlauk. Dette skal berre fresast , så pass på at det ikkje blir steikt for mykje. 
4. Bland alt saman, inkludert krydderet
5. Ha blandinga i pitabrød som er varma på bålet, og tilset yoghurt naturell eller rømme. 
6. Nyt maten!

Hugs - mat ute treng ikkje vera så avansert og ein kan gjera mykje på førehand, som til dømes å kutta opp grønsakene heime. Det viktigaste er atmosfæren og opplevinga ein skapar med familien - eit stort og godt bål er rett og slett gull verdt.

 

 

<% totalFilter %> filter applicerade
<% totalFilter %> filter applicerade