Pizza

Matlevering i Myrkdalen Fjellandsby

No kan du få levert mat på døra! Dette er eit tilbod til deg som har hytte eller leilegheit i Myrkdalen Fjellandsby.

Etter køyreturen til hytta eller leilegheiten kan det vera godt å slappa av og ikkje tenkja på matlaginga med ein gong. Eller kanskje de er slitne etter ein heil dag på ski, og ynskjer ein roleg kveld i stova med god mat frå Myrkdalsstovo? Uansett kan du no bestilla mat og få den levert til døra.

Korleis bestilla

Du bestiller heilt enkelt via knappen nedanfor. Her finn du eit utval av god mat og drikke, frå heimelaga, italiensk pizza til saftig burger med frisk salat og pommes frites.

Bestilling og utkøyring er mogleg kvar fredag og laurdag mellom kl. 17.00 og 21.00.

Bestill mat og levering

  • Det er mogleg å bestilla og få levert mat kvar fredag og laurdag kl. 17.00 - 21.00.
  • Utkøyring kostar kr 170,-

Kven kan bestilla

No i byrjinga leverer me til hytter og leilegheiter som er tilknytt Myrkdalen Fjellandsby (Bygardslii og Helgatun).