Ski i Myrkdalen

Eventyrlege alpinbakkar - berre to timar frå Bergen

Regnar det i Bergen, snør det gjerne i Myrkdalen – kun ti drøye mil unna byen mellom dei sju fjell finn du Vestland sitt eige pudderparadis. Med nypreppa løyper og eit tilbod som passar absolutt alle er skisenteret i Myrkdalen kåra til eit av dei beste i Norge

Startar du bilturen på regnvåt asfalt i Bergen, er du framme i nysnø i Myrkdalen på to timar. Du slepp å passera fjellovergangar med ustabilt vèr og å bekymra deg for kolonnekøyring. Det er enkelt å koma seg til den vesle fjellbygda på Voss med det største skisenteret på Vestland.

Komplett skistad

Pudderparadiset Myrkdalen
Foto: Sverre F. Hjørnevik

Snøen lavar ned og duren går jamnt frå trakkemaskinene. Sjølv om skiheisane ikkje har opna enno står ein gjeng med ivrige alpinistar klare. Sola kikkar fram frå skydekket og lysar opp mektige toppar og nypreparerte løyper. Slik startar gjerne dagen i alpinsenteret.

På slaget 09.30 er dei mest ivrige på veg opp heisane for å vera fyrst ute i pudder, park eller plettfrie løyper. Myrkdalen har eit tilbod til alle, og ned frå dei ni heisane har du i alt 22 løyper i ulike vanskegrader å boltra deg i, fordelt på 610 høydemeter. Kvar einaste dag blir løypene trakka – like bra på ein heilt vanleg tirsdag, som i helgene. Her er det løyper som passar nybyrjarar så vel som rutinerte skikøyrarar – dessutan er plassen kjend for å gje gass på park og førsteklasses frikøyring.

Flust av pudderdagar
Dei store snømengdene gjer forholda perfekt for frikøyring. Rett frå heisanlegget traverserer folk seg bortover fjellsidene før de hiv seg utfor på randonee-ski. Ein kan høyra gledesrop og latter frå dei som flyt gjennom pudderet – og nettopp pudderdagar er det mange av i løpet av sesongen. Myrkdalen er eit av dei mest snøsikre skianlegga i landet og sesongen varar som oftast frå november til mai.

Les meir: Nytt hytteområde i Myrkdalen Fjellandsby Nytt hytteområde i Myrkdalen Fjellandsby

Familievenleg plass

Familievennlige Myrkdalen

Myrkdalen er ein godt tilrettelagt barne- og familievenleg destinasjon – sommar som vinter. Her er det moglegheiter for ein rekkje aktivitetar både med og utan ski, og om sommaren og hausten kan du ta med deg borna på aktivitetar både til fots og på sykkel, eller lære dei fluefiske og å padle i kajakk. Mens om vinteren er det både barnetrekk, langrennsløyper og akebakkar å utfalde seg i.