Klypeteigen

18 Leilegheiter med to til fire soverom, parkeringsplass i underetasjen, ski inn - ski ut og svært sentralt plassert.

Her får de ski inn - ski ut i eit solrikt område like ved barneskitrekka og Helgatuntrekket, med gangavstand til alt fjellandsbyen har å by på. Langrennsløypa gjennom fjellandsbyen går like utafor bygningen. Spenn på deg skia, ta frukosten på balkongen, eller slapp av i den flotte leilegheita - uansett tidspunkt og årstid.

Med kort avstand frå avkøyringa til RV 13 og plassering rett ved barneskitrekka ligg Klypeteigen flott til. Leilegheiter på 60 - 72 - 83 kvm med 2 - 4 soverom gjer dette prosjektet perfekt for heile familien.

Dei minste leilegheitene på 60 kvm har to soverom, og ei bu/disponibelt rom som mange vel å nytta som eit ekstra soverom med køyesenger.

Her får ein 6-9 sengeplassar, og dermed rom til både vaksne, born og vener på besøk. Parker bilen tørt på parkeringsplassen din i underetasjen, set frå deg utstyret i den store sportsbua og gå tørrskodd opp og inn i ei moderne og romsleg leilegheit. I parkeringskjellaren er det lagt opp til store gode fellesrom for sameiget.

Leilegheitene midt på bygget har tre soverom, ei romsleg stove med open kjøkkenløysing, bod/teknisk rom og altan. Hjørneleilegheitene blir levert med altan og ekstra stort spiseplass, 4 soverom og eit ekstra wc. Alle leilegheitene får flott utsikt over dalen, skianlegget og Årmotslia langrennsarena. Bygget er teikna av lokal sivilarkitekt Sigbjørn Dugstad, som også har teikna ei rekkje andre prosjekt i fjellandsbyen.

Klypeteigen består av to bygg som består av 8 leilegheiter i hus 1 og 10 leilegheiter i hus 2. Begge bygga har leilegheiter fordelt over to etasjar. Alle 18 leilegheitene er planlagt innflyttingsklare til jul 2018.

 

Nils Akselberg

Eigedomsdirektør
Myrkdalen Fjellandsby AS
Tel: +47 91 67 30 13
Tel: +47 47 47 16 00
E-mail: nils.akselberg(at)myrkdalen.no

John Helge Måren

Prosjektleiar Eigedom
Myrkdalen Fjellandsby AS
Tel: +47 40 45 04 27 
Tel: +47 47 47 16 00
E-mail: john.helge.maren(at)myrkdalen.no
 

Bjørnar Berg

Eigedomsmeklar
Kaland & Partners
Tel: +47 48 88 84 68
E-post: bb(at)kapa.no
 

Vidar Nøttveit

Meklar MNEF
Kaland & Partners
Tel: +47 48 88 84 02
E-post: vn(at)kapa.no