Myrkdalen Hotel er eit miljøfyrtårn

Drift av skiheis og hyttebygging er ikkje noko som kan reknast som miljøtiltak i seg sjølv, og massiv utbygging har påverka Myrkdalen på fleire område dei siste ti åra. Men leiinga i fjellandsbyen vil gjera utviklinga så grøn som mogleg, og er overtydd om at ein kan tenka stort og samstundes ta miljøansvar. Både Myrkdalen Hotel og konsernselskapet er miljøsertifisert. Målet er at alle dotterselskapa, som Myrkdalen Fjellheiser, også skal bli sertifisert. Bærekraft og miljøomsyn er i fokus hjå oss i Myrkdalen.

Sortering
Myrkdalen Hotel har sett fokus på avfall og sortering. Avfallsmengda gjekk ned mellom 2015 og 2016, og sorteringsgraden ligg no på heile 72 %.

Teknisk anlegg
Myrkdalen Hotel er kopla til eit fjernvarmeanlegg som brukar lokalprodusert treflis. Dette anlegget dekkjer 50 % av det totale energiforbruket.

El-bil og ladestasjonar
Som eit ekstra miljøtiltak på slutten av 2016 investerte Myrkdalen Hotel i ny el-bil som reinhaldsavdelinga nyttar mellom hyttene og leiligheitene. Hotellet har òg installert seks ladepunkt for el-bilar og to av desse er Tesla-ladarar

Systematisk oppfølgjing av energiforbruk
Nattevaktene på Myrkdalen Hotel har endra på rutinane og tek sjekkrundar etter stengetid med fokus på å få ned det totale energiforbruket. Her inngår til dømes å sløkkja lys og ta av varme på rom som ikkje er i bruk, samt slå av utstyr som ikkje er i drift. Ved å ha eit slikt fokus sparar hotellet ca 14 0000 kwh i året. 

Varmeanlegg
I sertifiseringsprosessen av hotellet vart det oppdaga at varmeanlegget ikkje var regulert riktig. Då driftskontrollanlegget vart finjustert , sparte hotellet 500 000 kwh i året.