God rabatt på klippekort hjå Mosjonsgutane

Mosjonsgutane tilbyr alle medlemmer av Myrkdalen Aktiv klippekort, 10 klipp, til ein pris av kun 600 kr (ordinær pris er 950 kr).

Dette klippekortet kan nyttast når resepsjonen er ope. Ved kjøp av klippekort hjå Mosjonsgutane må ein visa fram kortet med blått klistremerke for Myrkdalen Aktiv. Har du ikkje henta det ut enno - kan du få det hjå Myrkdalen Sport & Skiutleige. 

Fasilitetar 
Med klippekort har du tilgang til fasilitetar som styrkerom, rehabrom, cardiorom, X-Fit arena (200kvm), buldrevegg, squash og saltimar.  Ver vennleg å kontakt resepsjonen på Mosjonsgutane ved bestilling av squashbane. Dei har også utleige av squashracket og buldresko.

Garderobar og solarium
Mosjonsgutane har garderobar med badstove og dusj. Solarium finn du ved resepsjonen. 

Opningstider
Sjå opningstidene til Mosjonsgutane 

Velkomen og leik deg til overskot hjå Mosjonsgutane!

LES MEIR OM MYRKDALEN AKTIV