haren Finn på ski

Møt den kule kompisen vår, haren Finn

Det var ein gong ein leiken og aktiv hare som vaks opp på Finnbunuten, eit av dei høgaste fjella i Myrkdalen. I motsetnad til resten av familien var han veldig nysgjerrig, og ein dag tok han turen ned til dalen og oppdaga alle menneska som stadig kom på besøk.

Han vart veldig godt likt av menneska, som gav han namnet Finn då dei skjønte han hadde kome ned frå Finnbunuten. Finn sjølv meiner nok det er toppen som er kalla opp etter han, ikkje omvendt.
 

High five med haren Finn

Den leikne kompisen vår diggar å hoppa rundt og vera aktiv heile tida! Sommar som vinter tek han jamleg turen ned for å helsa på alle som kjem på besøk, spesielt born og ungdom. Du ser han kanskje på terrengsykkelen sin ved pumptracken eller i sykkelløypa om sommaren.

Når vinteren kjem vert den brune pelsen hans kvit, så viss du ser ein kvit, lodden hare nedover løypene, så er det nok Finn. Han elskar nemleg å stå på ski og inspirerer gjerne dei unge i parken ved å visa fram alle dei kule triksa han har lært.

Ikkje bli overraska om han plutseleg dukkar opp og vil ta ein «high five» med deg!