Bryllup i Myrkdalen

Bryllup på Myrkdalen Hotel

Staden for deg som drøymer om det naturskjønne eventyrbryllupet, eller som vil starta ekteskapet med ekte pudder.

Myrkdalen Hotel, omkransa av vestlandsfjell som byr på opplevingar året rundt, byr på ei unik ramme for bryllupsfeiring. Eit bryllup skal vera unikt og personleg, og me vil gjera alt for at det blir akkurat slik du drøymer om. Me hjelper gjerne til med alt frå borddekking, blomeoppsatsar og aktivitetar.

Kjøkkensjefen vår set saman ein meny etter dykkar ynskje, alltid med utgangspunkt i lokale råvarer. Lokala våre passar både for små og store bryllup. Det største lokalet vårt har plass til 90 gjester og me sørgjer for at de får ei flott ramme uansett kva lokale de vel.

Bryllup på Myrkdalen Hotel

Ynskjer de å bli vigd utandørs? Hjå oss har me mange eigna plassar, både sommar og vinter. For dei som ynskjer ei unik oppleving kan Myrkdalen Hestesenter stilla med hest og kjerre.

Eller kva med eit makelaust vinterbryllup der brura kjem køyrande på ski til sin utkåra? Moglegheitene er mange.

I området rundt Myrkdalen Hotel finn ein  mange flotte turstiar og eit spanande aktivitetstilbod, både sommar og vinter. Sognefjorden ligg berre ein kort biltur unna, og gjer det mogleg å kombinera bryllupshelga med padling eller fjordcruise i Nærøyfjorden.

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål eller ynskjer å avtala visning. 
Tel: +47 47 47 16 00
E-mail: restaurant@myrkdalenhotel.no