Konferanse på Myrkdalen Hotel

Ynskjer bedrifta di å kombinere fagleg påfyll med naturbaserte opplevingar? Då er Myrkdalen Hotel på Voss ein perfekt stad for dykk. Hotellet har møterom og salar med fleksible og moderne løysingar like ved Vestlandet sitt største skisenter.

Møterom med fleksible løysingar
Me kan tilby ein stor sal eller to mellomstore, og tre mindre møterom i fyrste etasje. I tillegg kan me leggja til rette for møte i ei av suitene våre.

Den største salen er 180 kvm og rommar 190 personar i kino- og 130 personar i klasserom-oppsett. Salen kan også delast inn i to mindre einingar som tek 60 / 90 personar i kino eller 44/ 76 i klasserom.

Me har tre ulike møterom til disposisjon. Her varierer oppsettet frå styrebord, u-bord, klasserom eller kino og høver for små eller mellomstore grupper opp til ca. 25 personar. Me er sjølvsagt fleksible og finn ei løysing som passar for ditt møte eller kurs.

Hjå oss får ein heiskort inkludert i kurspakka på vinterstid. 

Både salar og møterom har takmonterte prosjektørar og integrerte løysingar for lyd og lys. I tillegg inneheld dei teleslynge, og videokonferanseutstyr. Det er gratis trådlaust nettverk på heile hotellet.

Brei kompetanse
Med erfaring frå event- og festivalbransjen nasjonalt og internasjonalt kan me setja saman eit program for deg og dine vener og medarbeidarar som du nødvendigvis ikkje får andre kurs- og konferansestader. 

I Myrkdalen Fjellandsby har me brei kompetanse innan planlegging og gjennomføring av både små og store arrangement og tilstelningar. 

Konsept
Me ynskjer å lytta til kva forventingar du har til opphaldet og kva du tenkjer passar av aktivitetar for di gruppe. Har du ein utfordring internt eller eit tema som er berande kan me hjelpa med å relatera oppgåver til dette. Me kan laga konsept der det er ein raud tråd heilt frå ankomst til avreise.  Dette kan til dømes vera eit farmenkonsept. Her kan me laga faglege oppgåver både inne og ute, med lunsj på stølen, smalahovemiddag og bondefest på kvelden. 

Aktivitetar året rundt
Voss er kjend som eit eldorado for utandørsaktivitet. Difor er det på sin plass at konferansepakka vår har gratis heiskort inkludert om vinteren. Om de treng eit avbrekk frå teori og skjerm, kan me ta dykk med i sykkelløypa på oppsida av hotellet. Eller arrangera guida vandreturar. Me har fleire nostalgileker som kan friska opp minner frå barndommen. På vinteren kan me ta dykk med ut på ski, aketur eller arrangera eige slalåm parallellrenn der dei med mest konkurranseinstinkt kan blåsa av kruttet. Ynskjer ein ro og balanse kan me tilby yoga.

På Myrkdalen Hotel ligg alt til rette for effektive møter – i pausen kan ein nyta naturen og henta inspirasjon til neste arbeidsøkt. Ta kontakt, så skreddarsyr me ein konferanse – akkurat slik du ynskjer det!

Kontakt:
Solvor Dolve
Tel: +47 918 63 202
E-mail: [email protected]