Myrkdalen Hotel har tre restaurantar

På eit moderne fjellhotell skal du ha det godt. Me tilbyr matopplevingar på heile tre restaurantar.

Restaurant Nuten
Hovudrestauranten vår ligg i 2. etasje med herleg utsikt mot skibakken. I sommarsesongen er restauranten ope for grupper og selskap. 

Restaurant Tunet
I Tunet serverer me god, heimelaga pizza og pasta for heile familien. Det går gjetord om pizzaen vår – lukker ein auga må ein minna seg sjølv på at ein er på eit fjellhotell i Noreg og ikkje på ein Piazza i Napoli.

Frukost for individuelle gjester
I sommersesongen (fom 7. juni) er Tunet ope for frukost alle dagar for individuelle gjester frå kl 07.30 - 10.00

Opningstider september - november 
Fredag frå kl. 13.00 - 21.30
Laurdag frå kl. 13.00 - 21.30
Sundag frå kl. 13.00 - 21.30 

Opningstider haustferien 2019 
Fredag 4. oktober - sundag 13. oktober frå kl. 13.00 - 21.00 

Restaurant Nuten Fondue
I fondue avdelinga serverer me kjøt- og ostefondue med tilbehøyr. Her får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener! 

Fondue
Kvar dag: kl. 17.00 - 21.00
Bestill fondue innan kl. 14.00 same dag

Salto Lobby Bar
Baren i fyrste etasje er ein hyggeleg samlingsstad der du kan synka ned i dei mjuke stolane og henta nye krefter til morgondagen. 

Pudder Afterski
Myrkdalen er kjend for snø av ypparste kvalitet og i store mengder. Namnet Pudder Afterski heidrar derfor varemerket vårt. Her byr me på fest og moro i helgene i vintersesongen.