Myrkdalen Fjellandsby + sykkel = sant!

Myrkdalen Fjellandsby er godt kjent som Vestlandet sin vinterhovudstad, med det største alpinanlegget vest for Langfjella og det største hotellet i regionen rundt Voss. Fjellandsbyen er i full utvikling, og med rekordsal av leilegheiter hittil i 2018 ligg det an til at ein ved utgangen av sesongen 2018/19 vil finna over 700 fritidsbustader og fleire butikkar i sentrumsområdet. Visjonen er å verta Nordens leiande heilårsdestinasjon for familien, med naturbaserte aktivitetar året rundt som hovudfokus. Difor satsar Myrkdalen no tungt på stisykling!

Haaken M. Christensen, seniorrådgiver naturbasert reiseliv, med ansvar for terrengsykling i Innovasjon Norge: «Stisykkel som aktivitet både i fritid og reiseliv er i vekst, og det å legge til rette for bærekraftig utvikling av stisykling vil kunne gi god økonomi. Et godt stisykkeltilbud vil tiltrekke nye besøkende til området, og samtidig gi eksisterende gjester i regionen en god grunn til å bli en dag ekstra. Myrkdalens satsing på stisykling styrker Voss sin posisjon som en tydelig aktivitets- og ekstremsportdestinasjon, og henger dermed godt sammen med det øvrige tilbudet i området.»

Adm. dir Harald Haaland: «Ambisjonen vår er å verta ein leiande stisykkeldestinasjon i Norge, og me har difor utvikla ein masterplan som reflekterer dette. I denne planen ligg det inne ei heilskapleg satsing på infrastrukturtiltak, produktutvikling og guiding.»

I åra framover er planen å etablere lett tilgjengelege stiar i nærområdet til fjellandsbyen, samt ta i bruk nærliggande område som også inkluderer sykling på grusvegar. Stiane skal vera tilrettelagt for syklistar av alle ferdigheitsnivå, og dei sentrale områda av sykkelarenaen vil ein nå utan bruk av heis eller andre transportmiddel.

Kombinasjonen av leikne stiar i nærområdet og spektakulær høgfjellssykling inn i fjordregionen vert unik i internasjonal samanheng!

 

Masterplanen for stisykling i Myrkdalen er utvikla av franske Bike Solutions, som har eit solid kompetansemiljø på utvikling av bærekraftige sykkelstiar. Selskapet har mellom anna bistått i utviklinga av stisykling i leiande destinasjonar internasjonalt som Val d´Isére og Tignes, samt meir heimlege Trysil.

Prosjektet har ei uttalt målsetjing om å skaffe regionen 40.000 nye gjestedøgn pr. år innan 2021 og skal skape eit betydeleg antal nye arbeidsplassar innafor relevante tenesteområde som overnatting, servering, sykkelleige/service/guide og transport.

Joar Wæhle er tilsett som leiar for sykkelprosjektet. Han kjem frå stillinga som nestleiar i Ekstremsportveko, og har lang erfaring med sykkel både frå Veko, som sentralt medlem i Voss MTB-klubb og som ivrig stisyklist gjennom mange år.

På bilete, frå venstre:
Harald Haaland, Administrerande Direktør Myrkdalen Fjellandsby AS
Joar Wæhle, leiar for terrengsykkelprosjektet i Myrkdalen Fjellandsby AS
Haaken M. Christensen, Seniorrådgiver naturbasert reiseliv i Innovasjon Norge