Myrkdalsstovo

Myrkdalsstovo

I andre etasje i Myrkdalsstovo, rett ved sida av Myrkdalsekspressen, serverer me i vintersesongen rask mat for folk i farta! På menyen finn du rettar som suppe, salat, hamburger og baguettar. 

Myrkdalsastovo

Opningstider vintersesong
Kvar dag: Kl. 09.00 - 16.00
Varmmat blir servert frå kl 11.00

Myrkdalsstovo Velkomstsenter
I fyrste etasje i Myrkdalsstovo finn du velkomstsenteret vårt. I vintersesongen kan du kjøpa heiskort og eit lite utval matvarer. Me har også ein kafè med enkle rettar. Har du med eigen niste, kan du ete denne her.