Toppturhelg 14. - 15. april

Bli med våre lokalkjende guidar på tur i den beste snøen - og med den flottaste utsikta over fjord og fjell! Snøforholda i fjellområda rundt Myrkdalen er stabile om våren, og lange, lyse dagar innbyr til toppturar du seint vil gløyme.

Denne helga kan du mellom anna bestiga Oksen, Breiskrednosi, Horndalsnuten og Solbjørganipa. Du kan melda deg på turar på tre ulike nivå. For å delta treng du nødvendig utstyr for topptur: ski med fellar, spade, søkjestong og sendar/mottakar. 

Set av helga 14. - 15. april allereie no. Prisar, booking og meir informasjon kjem snart!