Born i Myrkdalen

10.-11. september

MyrkLeik Familiefestival

Set av helga 10.-11. september og ta med familien til Myrkdalen når haustens kjekkaste familiefestival går av stabelen.
Helga vert innhaldsrik med eit program som er stappfullt av varierte aktivitetar som heile familien kan gjera i lag.
Me gler oss til å sjå dykk!

Bu 2 netter betal for 1 på Myrkdalen Hotel

 

Bli med på desse kjekke aktivitetane:

Fisketur i Sendedalen

Fisking

Kapasitet: 3 familiar
Tidspunkt: Laurdag 10. september kl. 12:30 - 17:00
Møtestad: Myrkdalen Hotel

Bli med på ein artig fisketur i Sendedalen, ein familievenleg aktivitet med fiske og naturoppleving i fokus. Me stiller med fiskestenger. Ta med redningsvestar om de har. Kle dykk etter vêret og ta med drikke og snacks.

Prisar:

1 person kr 250,-
Familie 4 personar kr 900,- (Ekstra born kr 150,-)

Bestill fisketur

 

Kajakkurs

Havkajakk Myrkdalsvatnet

Aldersgrense: Frå 8 år og oppover. Born må ha med seg ein vaksen
Tidspunkt: Laurdag 10. september kl. 13:00-16:00
Møtestad: Utløpet i Myrkdalsvatnet, ved parkeringsplassen (rett før Myrkdalstunnelen frå Vinje)

Her vert det leik og moro i vatnet saman med Vått og Vilt! Dette er eit perfekt tilbod til alle i familien for å sjå om padling er noko for dykk. Me startar med elementær innføring i kajakk, utstyr og enkel padleteknikk. Så blir det ein liten padletur før bading og hopping frå kajakken om det er fint vêr.

Prisar:

1 person kr 1425,-
Familie 4 personar kr 4300,-

Bestill kajakkurs

 

Kurs i kart og kompass

Kart

Aldersgrense: Frå 8 år og oppover. Born må ha med seg ein vaksen
Tidspunkt: Laurdag 10. september kl. 13:00 - 15:30
Møtestad: Myrkdalen Hotel

Familievenleg leik og læring med kart og kompass. Me legg opp til grunnleggande teori og praktiske øvingar både inne og ute, og avsluttar med ei artig stjerneorientering ute i nærområdet. Ta med kompass, me stiller med kart.

Prisar:

1 person kr 250,-
Familie 4 personar kr 900,- (Ekstra born kr 150,-)

Bestill kurs i kart og kompass

 

Mina og meg - Jakten på turmagien

Mina og meg i Stølsheimen

I tillegg kjem Alexander Read, kjent frå TV-serien «Mina og meg», og tek dykk med inn i jakten på turmagien med eit inspirerande foredrag. Både vaksne og born frå 6 år og oppover vil ha glede av foredraget – og eigentleg alle som vil ha ein solid dose magi i livet.

Tidspunkt: Laurdag 10. september kl. 10:30-11:30
Stad: Myrkdalen Hotel
Pris: Gratis

Les meir om foredraget

 

Jakta på orrhanen

MyrkLeik - familievennlig festival i Myrkdalen

Kom deg ut i skogen og finn din indre jeger. Møt opp i Revehiet der det vert pinnebrødgrilling og jakt med pil og boge. Tilpassa born og unge samt familiar.

Tidspunkt: Laurdag 10. september kl. 12:00-15:00
Stad: Revehiet
Pris: Gratis

 

Kom og leik med Borna sitt Turlag

MyrkLeik

Kom og leik med Borna sitt Turlag! På laurdag 10. september kan du treffa oss i Myrkdalen klokka 12-15. Me held til i grindbygget på torget. Der har me bålpanne og grillar pinnebrød og poppar popkorn! Dei som vil kan også laga pinnedyr av konglar. Me er spente på å sjå om vår ven Turbo dukkar opp! Me gler oss til å møta små og store vener i Myrkdalen.

Tidspunkt: Laurdag 10. september kl. 12:00-15:00
Stad: Torget
Pris: Gratis

 

Søndag: Natursti opp til Fjellstova Vetlebotn og loddtrekking

Vetlebotn

Fjellstova Vetlebotn har ope laurdag og sundag kl. 12.00-15.00.

Sundag arrangerer me ein utfordrande og artig natursti opp til Vetlebotn. Stien er ca. 1 km lang og fylgjer elva frå start ved pumpehuset på Helgatun og opp til målgang ved fjellstova. Langs stien vil de finna 10 postar der nokre av desse er bemanna. Her vil de møta på praktiske utfordringar, kunnskapsoppgåver, gåter og anna problemløysing.

Tidspunkt: Søndag 11. september. Registrering mellom kl. 11:00-12:00. Me avsluttar med loddtrekking i Vetlebotn kl: 13.00.
Møtestad: Torget
Pris: Gratis

 

Velkomne! Me gler oss til masse liv og leven i Myrkdalen denne helga.

<% totalFilter %> filter applicerade