Nytt hytteområde for sal i Myrkdalen
2,5 km før du svingar inn til Myrkdalen Hotel, i sørvendt terreng med gode solforhold og utsikt mot Myrdalsvatnet, ligg Myrkdalen sitt splitter nye hyttefelt - Mørkveslia.
I dette området skjer den store, nye utviklinga på eigedomsfronten i fjellandsbyen, og i første omgang er det 16 tomter til hytteutbyggjing og 16 tomter til nøkkelferdige hytter for sal her. Tomtene som ligg sør-vest for det etablerte og populære skisenteret, er fordelt i tre ulike felt - Hagamyra, Geitasteinane og Svingen.
Hagamyra
I Hagamyra er det planlagt totalt 44 nøkkelferdige hytter, men i første byggjetrinn er 16 lagt ut for sal. I dette feltet får du flott utsikt og gode solforhold heile året. Hyttene ligg i eit område med mykje friareal og har nærleik til urørt natur. Dessutan får du kort avstand til skianlegg og skibakkar. Tomtene i Hagamyra blir seld med bygge-klausul frå Leve Hytter.
Sjekk ut vår tomtevelgjar for Hagamyra
Geitasteinane
Nokre titalls høgdemeter over Hagamyra ligg Geitasteinane usjenert til. Her finn du ni eksklusive hyttetomter i eit område med fri og praktfull utsikt over Myrkdalen og fjellområda rundt. Geitasteinane byr på svært gode solforhold heile året, med mykje friareal ved kvar tomt. Her er det mogleg å byggja to einingar, carport og anneks. Tomtene kjem utan bygge-klausul.
Mørkveslia hyttefelt ligg flott til med gode solforhold, fantastisk utsikt og nærleik til skiløyper, turterreng og alpinanlegg.
Sjekk ut vår tomtevelgjar for Geitasteinane her
Svingen
Sju flotte, solrike tomter med storslått utsikt over dalen og fjellområda som ligg rundt, får du i Svingen. Her blir det også unike ski inn og ski ut - fasilitetar. Det er mykje friareal ved tomtene og moglegheit for å byggja to einingar. Ideelt for deg som ynskjer kort veg til urørt natur. Desse tomtene kjem utan bygge-klausul.