Open klasse

Open Klasse – Festivalen for ski- og snowboard-frelste

Likar du park, vårsnø og god stemning bør du ikkje gå glipp av Open Klasse-festivalen i Myrkdalen. Dette er den ultimate sesongavslutninga for ski- og snowboard-frelste.

28. april til 1. mai samlar me alle jibbarar, frikøyrarar og snowboardarar, både nybyrjarar og vidarekomne, til aktivitetsrike dagar i Noregs mest leikne vårpark.

I tillegg til mykje ski og brettkøyring, parkmoro med hopp og rails, vert det sjølvsagt god festivalstemning med konsert og underhaldning.

Open klasse

Open Klasse program

 

 

Bestill festivalpass som passar for deg:

 

Open Klasse Festivalpass Senior

Med «Festivalpass Senior» får du tilgang til alt som skjer under heile arrangementet frå torsdag til søndag: tilgang til alle parkane, arrangement og aktivitetar i bakken, guida topptur og inngangsbillett til festivaltelt med konsertar fredag og laurdag, samt Bula Beanie Boogie laurdagskveld.

 

Open Klasse Festivalpass Junior (under 18 år)

Festivalpass for deg som er under 18 år og som vil leika i parken og vera med på arrangementet. Du får tilgang til alle parkane og aktivitetane i bakken frå torsdag til søndag. På kveldstid har me ein eigen «rider’s lounge» utan alkoholservering.

 

Open Klasse – Dagspass

For alle som vil leika i parken, men berre kan vera med ein dag.

Dagspass gjev tilgang til parkane og alle aktivitetane i bakken på valt dag.

NB! Om du ynskjer å vera med på kveldsprogrammet på fredag eller laurdag, vel «Open Klasse Dagspass inkludert konsert».

 

Open Klasse Dagspass inkludert konsert

Open Klasse Dagspass inkludert konsert gjev deg tilgang til «Open Klasse-parken», alle arrangement og aktivitetar i bakken, guida topptur og konsert på kvelden fredag eller laurdag.

 

Open Klasse Konsertar 

Fredag blir det konsert med den norske pop daze duoen Great News, etterfulgt av artisten Bendik HK. Medan laurdag vert det 80-tals fest med Miami Vice Machine, Noregs beste 80’s band som har turnert rundt i landet i ei årrekkje med det elleville showet sitt. Krepp håret eller ta fram parykken, hiv på deg lærbuksene, ballgensaren og bli med!

Etter konserten laurdag fortsett moroa med Bula Beanie Boogie.

 

Treng du overnatting?

Treng du ein plass å bu under festivalen tilbyr Myrkdalen Hotel overnatting til rabatterte prisar.

Bestill hotellovernatting
Bruk kampanjekode: Openklasse2022

Same kampanjekode kan brukast dersom du heller ynskjer å overnatta i leilegheit med sjølvhushald.

Bestill overnatting i leilegheit