Opplev Nærøyfjorden

Den UNESCO-lista Nærøyfjorden ligg berre 35 minutt frå Myrkdalen. Ta fjordcruise eller nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar. Opplev den verdskjente Flåmsbana eller ta turen til Stegastein utsiktspunkt som tilbyr ei panoramautsikt utan sidestykke. Avslutt turen med god mat og drikke på Ægir Bryggeri i Flåm.

Opplev det spektakulære fjordlandskapet på UNESCO si verdsarvliste

Flåmsbana

Flåmsbana

Bli med på verdas vakraste togreise frå Flåm til Myrdal! Flåmsbana byr på det meste: Frå vakkert fjordlandskap nede ved havet til vilt fjellandskap med snødekte toppar. Gjennom kulturmark og historiske tradisjonar heilt tilbake til heidensk tid. Turen tek ca 2 timar tur/retur Flåm. 

Fjordsafari RIB båt

RIB båt på Nærøyfjorden

Nyt den storslagne vestnorske naturen frå opne RIB-båtar på ein guida tur på Aurlandsfjorden og verdsarvområdet Nærøyfjorden! Med maksimum 12 gjester i kvar båt er du garantert ei personleg oppleving med kunnskapsrike guidar. Du får eit unikt innsyn i bygdene og livet langs fjorden. Guiden vil dele lokale historiar og segner frå området, medan ein speidar etter sel, nise og ørn undervegs.

Fjordcruise Nærøyfjord

Fjordcruise

Det er ikkje tilfeldig at Nærøyfjorden står på UNESCO si verdsarvliste. Eit fjordcruise gjennom denne smale og vakre fjorden gjev deg eit minne for livet! 

Stegastein utsiktspunkt

Stegastein

Bygget som heng 30 meter ut frå fjellsida, 650 meter over fjorden, tilbyr ei panoramautsikt utan sidestykke. Eit meir fantastisk utsyn over fjorden, fjella og det flotte fjordlandskapet skal du leite lenge etter. Du blir frakta med buss frå Flåm til utsiktspunktet. Ein treng med andre ord ikkje vera i fysisk god form for å oppleva utsiktspunktet. Bestill her