Aktiv sommarferie
I Myrkdalen
Sommarferien i Myrkdalen byr på eit mangfald av aktivitetar for heile familien. Ta heisen til topps og legg ut på stolpejakt eller fjelltur. Sus rundt i sykkelløypa og pumptracken vår. Leig ein terrengsykkel og ta ut på nye eventyr. Ta livet med ro på fisketur, nyt fjorden frå ein kajakk eller få magesug på ein spektakulær topptur med fjordutsikt.