Leilegheit i Myrkdalen

Leilegheiter i Myrkdalen

Ynskjer du sjølvhushald, men også å kunna nyta godt av fasilitetane i Myrkdalen sentrum? Leig ei av dei delikate leilegheitene i Myrkdalen Fjellandsby, så har du gangavstand til restaurantar, barar og aktivitetsområde.

Leilegheit innvendig i Myrkdalen, med peisovn, kjøkkenkrok og oppdekka bord

 

Generelt ved leige av leilegheit i Myrkdalen 

Alle leilegheitene me tilbyr er av høg standard og ligg nær skisenter om vinteren og vandrestiar om sommaren. Leilegheitene varierer i storleik og ligg i 7 ulike område rundt Myrkdalen sentrum. Dei fleste er privateigde, så innreiing og utstyr varierer frå eining til eining, men alle har fullt utstyrt kjøkken inkludert oppvaskmaskin, bad med dusj og toalett, sofagruppe, TV og spisebord.

Bestill overnatting i leillegheit

Utvask og leige av sengetøy er inkludert i prisen.

Både sengetøy, handklede og utvask av leilegheita er inkludert i prisen ved bestilling. Ynskjer de oppreidde senger ved ankomst? Send ein førespurnad til: kundeservice@myrkdalenhotel.no. Dette kostar 300 kr per person.

NB! Det er 23 års aldersgrense for bestilling av leilegheiter.