Tråfjosen i Myrkdalen

Unik overnatting i Tråfjosen

I Myrkdalen har du sjansen til å overnatta i eit gamalt fjøs, omgjeve av historie og vakker natur, sommar som vinter.

Bestill overnatting i Tråfjosen

I skogen nedanfor Storhaugekspressen i Myrkdalen ligg Tråfjosen, ein fjøs der kyr på sommarbeite vart samla og mjølka i gamle dagar.

Tråfjosen

 

Fjøset har stått tomt i over førti år, men no blir den tatt i bruk att - som unik overnattingsstad for folk som vil oppleva noko utanom det vanlege.
 

Innvendig er båsane der kyrne vart mjølka framleis intakte, med fine steinheller som skil den eine båsen frå den andre.

 

Tråfjosen inngang

 

I sørenden er det installert ein modul med soveplass til tre vaksne eller to vaksne og to born. For å koma inn her må du krypa gjennom ei rund opning.

 

Tråfjosen inne
Midt i rommet heng ei kjele til koking av vatn.

Sjølve rommet vert opplyst av dagslyset som fløymer inn frå det spesielle karnappvindauget, ein konstruksjon som strekk seg mot det flotte utsynet over den vesle dalen.

Sett frå utsida er vindauget det einaste som indikerer at fjøset har endra seg - Til ein unik overnattingstad du kan oppleva året rundt.

Bestill unik overnatting i Tråfjosen