Havkajakk Myrkdalsvatnet

Padleparadiset Voss - For deg som drøymer om å testa ut elvepadling

Voss er eit kjent padleparadis som tiltrekk seg padlarar frå heile verda. Drøymer du også om å prøva elvepadling i trygge omgjevnadar, er den vesle bygda staden å reisa til.

Bestill hotellovernatting

Ikkje så rart at padlarar frå inn- og utland vel nettopp Voss som padlestad. Dei mange elvene rundt byr nemleg på variert padling – frå rolege elver og innsjø til strie stryk og heftige fossefall.

Elvepadling Myrkdalselva

Ein av pionerane innan elvepadling på Voss er Mads Rio i Vått & Vilt. Han er mellom anna den aller fyrste som har padla Brandsetelva, Myrkdalselva og fleire andre klassiske elver som i dag lokkar til seg dei råaste padlarane verda rundt.

Padling handlar vel så mykje om den unike totalopplevinga som det å læra seg riktig teknikk.

Lidenskapen for padling ynskjer han å dela med andre, og brenn for å gje den beste opplevinga i det våte element. Sidan midten av 90-talet har vossingen halde ulike kajakkurs – frå grunnkurs i elv til spennande havpadlekurs på Voss og i Nærøyfjorden.

«Padling handlar vel så mykje om den unike totalopplevinga som det å læra seg riktig teknikk,» konstaterer den erfarne padlaren.

 

Elvepadlekurs for nybyrjarar / Våttkort kurs

Overnattar du på Myrkdalen Hotel har du Myrkdalselva i nærleiken. Øvre delen er brei og slyngjer seg gjennom det ville fjellandskapet, medan nedre del er noko brattare med store sklier og drop, før den munnar ut i Myrkdalsvatnet.

Kurs i elvepadling

Mange venegjengar tek kurset og har det knallgøy i lag i to dagar.

Det er i dette vassdraget du kan vera med Mads på ein morosam to-dagar grunnkurs i elvepadling. Padlekurset startar fyrst på stille vatn og roleg straum før ein fortset på striare stryk. «Kurset passar for alle over 16 år som er ute etter å ha det moro. Mange venegjengar tek kurset og har det knallgøy i lag i to dagar,» fortel Mads i muntre ordelag.

Finn dato som passar:
Elvepadlekurs

Bestill overnatting på Myrdalen Hotel

 

Familiepadling i havkajakk på Myrkdalsvatnet

Familiepadling med havkajakk

Fokus på leik og moro

Om du er på jakt etter ei oppleving som heile familien kan gjera saman, er familiepadling i stødige og lettpadla havkajakkar midt i blinken. Mads fortel at kajakkpadling for familiar har meir fokus på leik og moro i vatnet. Ingen forkunnskap er nødvendig og opplegget vert tilpassa etter behov og ynskje.

Havpadlekurs - Send førespurnad

 

Kajakktur som teambuilding-aktivitet

Havkajakk teambuilding

Blant bedrifter som ynskjer å kombinera aktivitet med fagleg innhald og konferanseopphald på Myrkdalen Hotel, er tur med havkajakk ein av dei mest populære teambuilding-aktivitetane.

Heller ikkje her er det krav til erfaring og turen kan skreddarsyast etter ynskje frå gruppa. «Me kan til dømes ta med oss havkajakkane til Nærøyfjorden, berre 35 minutt unna Myrkdalen, dersom ein ynskjer å koma tett på det spektakulære fjordlandskapet.»

Havkajakk i Nærøyfjorden

Naturopplevingane frå kajakk er noko du seint vil gløyma

«Naturopplevingane frå kajakk er noko du seint vil gløyma,» seier Mads overbevisande og oppmodar alle som ikkje har prøvd til å få ein smakebit på det kajakkpadlinga har å by på.

Besøk Vått & Vilt for meir informasjon

Bestill overnatting på Myrdalen Hotel