Vårskikøyring
Påskeferie i Myrkdalen
Vårsnøen byr opp til leik, sola varmar og hytteveggen blir samlingsstaden. I Myrkdalen kan du samla på gode påskeminner med heile familien. På ski og til fots. Nedover og bortover.
Vårskikøyring
Vårsnøen byr opp til leik, sola varmar og hytteveggen blir samlingsstaden. I Myrkdalen kan du samla på gode påskeminner med heile familien. På ski og til fots. Nedover og bortover.
I Myrkdalen får du påskestemning og dei gode opplevingane saman med heile familien
Pakka inneheld:
Skisenteret ligg unikt til mellom fjell og fjord i vakker vestlandsnatur, ein halvtime frå Voss og to små timar frå Bergen.
Pakk ut av bilen, sjekk inn på hotellet og pust ut. Endeleg er de framme og påskeferien kan begynna. Kvite vidder, nypreparerte slalåmbakkar og langrennsløyper ventar på dykk. Alt ligg til rette for fine feriedagar.
Det er ikkje utan grunn at Myrkdalen har blitt ein favoritt blant barnefamiliar som ynskjer ein aktiv skiferie. Her er tilbodet komplett, valmoglegheitene er mange, og logistikken enkel. Alt du treng finn du i direkte nærleik til både hotell og skisenter.
Visste du at det er både lysløype og til saman om lag 30 km med langrennsløyper direkte frå fjellandsbyen?
Dei fleste forbind nok Myrkdalen med nypreppa alpinbakkar, gode barneområde og fantastiske frikøyringsforhold, men her er også 30 km langrennsløype som er trakka for både skøyting og klassisk langrenn. Den kuperte løypa passar fint for både treningsentusiastar så vel som barnefamiliar som vil ha turkjensla med skileik og varm kakao.
Det flotte barneområdet i Myrkdalen ligg i sjølve basen av skisenteret. Her er det eit saktegåande rulleband for dei aller minste, to tallerkentrekk og tre varierte løyper, perfekte for dei som skal læra seg å stå på ski.
Den populære Eventyrskogen like ved, har kjekke skogsløyper, og i år har me utvida nokre av dei med fine svingar, rails og små hopp - Ein slags minipark for borna. I tillegg kan det henda dei får auge på noko artig og uventa, medan dei skrir nedover mellom trea...
Tips: I nærleiken av barneområdet er det to gapahukar, Revehiet og Harehiet. Perfekt for grilling og ein liten kvil.
Er de heldige kan de plutseleg treffa på ein snill og spretten hare som heiter Finn. Han elskar å stå på ski og synest det er moro å helsa på store og små som kjem på besøk. Ekstra stas, synest han, når borna er med på alle dei kjekke aktivitetane som er kalla opp etter han.
Hotellovernatting
I Myrkdalen er alt samla på ein stad. Hotellet ligg perfekt til med ski inn – ski ut tilkomst til skianlegget og Årmotslia Langrennsarena. Her er også sportsbutikkar, restaurantar og kaféar i umiddelbar nærleik, og du kan la bilen stå under heile opphaldet.
Hotellpakke i påskeferien inkluderer frukost, 3-rettar middag og heiskort.
I Myrkdalen har du heile 8 ulike serveringsstader å velja mellom, alle med ulike konsept.
Gode tips:
Du trenger ikke bare stå på ski når du er i Myrkdalen. Maten er også et trekkplaster.