Påskeguiden 2019

Påsken er høgtida der familien samlast, appelsininntaket er maksimalt, slushføret er optimalt og dagane er lange. Dette er ferien som markerer overgangen frå vinter til vår, og me takkar ja til begge deler.

Vårsnøen byr opp til leik, sola varmar, hytteveggen blir samlingsstaden og val av solfaktor kan bli utslaget for suksess eller katastrofe. 

Her er nokre tips til kva du kan gjera hjå oss i påsken. Lat bilen stå heile høgtida – hjå oss er alt samla på ein plass. 

1. Skileik i Årmotslia

Fyll sekken med ved, spade, god mat og drikke og ta med borna på skitur til Årmotslia. Turen startar rett utanfor Myrkdalen Hotel og det er ca 2 km til Årmotslia skistadion. Lag hopp, grill pølser og nyt dagen saman med familien. Herfrå kan de gå vidare opp mot Revhaugen eller ta ein runde i løypa rundt stadion som er 5 km lang.

2. Gjer eit kupp

Stikk innom Myrkdalen Sport og Skiutleige og gjer eit kupp på vinterklede og skiutstyr. 

3. Få fram konkurranseinstinktet

Konkurrer med vener og familien i det populære fartsrennet Myrkdalen Ned. 

4. Finpuss på teknikken

Bestill privatundervisning hjå skiskulen og kjenn forskjellen du også!

5. Få opp farta!

Sus ned bakkane frå toppen av Myrkdalsekspressen på ein snowracer!

6. Avslutt påsken til topps!

Påskeaftan kan du bli med Skiskulen på topptur i Myrkdalen. Guidane er lokalkjende og veit kor den beste snøen ligg til einkvar tid og tek deg difor med på flotte turar ut i frå vèr og føre.