Pentanque

Bocca

Reglar:

Petanque vert spelt mellom enkeltpersonar, mellom to lag eller tre enkeltpersonar/lag trippel. Kvar lag har seks kuler samla sett. Bortsett frå i singelspel, der spelarane har tre kuler kvar, og seks kuler totalt i kampen.

Kven som skal starta vert avgjort ved lodd- eller myntkast.

Ein spelar frå det vinnande laget som skal starta, teiknar ein sirkel (diameter 30-50 cm) på banen, cirka ein meter frå kanten av banen, og når ein kastar, skal begge føtene vere plasserte innanfor sirkelen.

Den første spelaren kastar målkula, også kalla grisen, mellom 6 og 10 meter ut frå forkanten av sirkelen.

Ein spelar frå kastarlaget spelar ut og kastar den første kula.

No skal ein spelar frå lag 2 prøve å kome nærare grisen eller skyve vekk kula til lag nr. 1. Lag 2 held fram til dei har kula nærast grisen.

Deretter kastar lag 1 igjen, og omgangen held fram til alle kulene er kasta.

Bare eitt lag kan få poeng i kvar omgang, og ein tel etter kvar omgang. Det laget som ligg nærast grisen får eitt poeng for kvar kule som ligg nærare enn motstandarlaget sin beste.

Etter kvar omgang teiknar det vinnande laget ein sirkel i grusen og spelet held fram.

Kampen er ferdig når eitt av laga når 13 poeng.