Personleg coaching

Ynskjer du betre svingteknikk i laussnø? Eller god flyt i langrennsløypa? Uansett kva erfaring du har eller kva mål du har for sesongen – me har ein coach som vil hjelpe deg å få det til.

  • Gruppe
  • Vinter
  • Utstyr ikkje inkludert
  • Åleine

VÅRE COACHER
Alle våre coacher har høg kompetanse og lang erfaring. Du kan sjølv velje coach, eller la oss finna den riktige matchen for deg.

Jill Garen
Jill har jobba som skilærar i mange år, og har spisskompetanse i alpint teknikk. Ho er utdanna spesialpedagog, og er ein meister på å tilpassa seg kunden og videreformidla skiteknikk og skiglede, både i og utafor løypa. Jill er eigar av Myrkdalen Skiskule som ho starta opp i 2003, er president i Den Norske Skiskole og er kurshaldar for instruktørar på alle nivå.
Kvalifikasjon: ISIA trinn 4

Steinar Hopland
Ryk årets alpetur? Syt for at du kjem sterkare tilbake! Bruk denne sesongen til å forbetre teknikken, både i og utafor løypene. Steinar er mannen som kan alt, og har høg kompetanse innan alpint, telemark, snowboard, skredlære og langrenn. Steinar har jobba mange år som skilærar, samt kurshaldar for instruktørar.
Kvalifikasjon: ISIA trinn 3 (trinn 4 innan skredlære), Snowboard, Telemark og Langrenn

Yngve Holmefjord
Yngve var ein glad skientusiast som har utdanna seg som skilærar i vaksen alder. Han er ein tålmodig, positiv og omgjengeleg kar, og mange glade gjester har hatt god utvikling saman med Yngve. Skiglede er så mykje meir enn god teknikk, Yngve er god på å sjå kundens behov og har fokus på å skape tryggleik og meistringskjensle. Treng du ein "confidence-boost" i bakken, kan me anbefale Yngve!
Kvalifikasjon: ISIA Trinn 3

Joar Wæhle
Ynskjer du å finna flyten i langrennsløypa? Joar er spesialist på langrennsteknikk, både klassisk og skøyting og har erfaring både som konkurranseløpar og som trenar med hovedvekt på teknikk. Uansett kva erfaring du har, vil Joar kunne hjelpa deg å få ein meir effektiv teknikk og arbeidsøkonomi, slik at du får meir ut av turane i langrennssporet.
Kvalifikasjon: Idrettsutdanning, Trenar hjå Norges Skiforbund

UTDANNINGSNIVÅ ALPINT
Trinn 1: Norsk godkjend til å undervise born og nybyrjrarar.
Trinn 2: Internasjonalt godkjend til å undervise lettare øva.
ISIA Trinn 3: Utdanna til å undervise alpinistar som er på eit høgare teknisk nivå, og du kan undervise blant anna storslalåm, park, offpiste teknikk, kulekøyring for å nevne noko.
ISIA Trinn 4: Den høgaste utdanninga du kan ta som skilærar og du kan undervise på alle nivå.
Trinn 3 og 4 er internasjonalt klassifisert som profesjonelle skilærarar som har brukt mellom 3 til 4 år på utdanning innan ski, pedagogikk, skiteknikk, treningslære, skredkunnskap, både teoretisk og praktisk med tanke på eigne skiferdigheter, skiundervisning og teoretisk kunnskap. Hjå oss vil du garantert får ein profesjonell skilærar.

FLEIRE PERSONAR?
Personleg coach DUO gjeld for to personar.
NB! For å få best mogleg utbyte av undervisninga anbefalar me at dei som skal vera med på same instruksjon er på likt nivå.

TIDSPUNKT
Produktet fungerer som eit klippekort som kan brukast gjennom heile sesongen. Dato og klokkeslett for timane avtalast direkte mellom kunde og ski-coach.

UTSTYR OG HEISKORT
Ein må stilla med eige utstyr, eller leiga dette hjå skiutleiga. Heiskort er ikkje inkludert i prisen.

ONLINE BOOKING
Produktet fungerer som eit klippekort som kan brukast gjennom heile sesongen. Me vil kontakta deg for å avtale tidspunkt for fyrste time. Seinere timar avtalast direkte mellom coach og kunde.