Myrkdalen satsar stort på arrangement

Pressemelding 13. november 2017

- Eg trur programmet for vinteren på ein god måte viser steget Myrkdalen har teke for å bli ein destinasjon – ikkje berre eit skisenter, seier Kaia Finne, marknadsdirektør i Myrkdalen Fjellandsby AS.

Programmet for vintersesongen i Myrkdalen er slept, og lista over aktivitetar, store artistar og arrangement speglar Myrkdalen i stadig vekst. Arrangementsansvarleg i Myrkdalen, Pernille Olafsen Mustad, fortel at satsinga på aktivitet i dalen spelar ei viktig rolle i å nå målet om å bli Noregs tredje største skidestinasjon. Ho forklarar: - Desse ekstratilboda skaper ei heilheit til skiopplevinga i Myrkdalen, og gjer oss meir interessante i framtida. Vi ønskjer at Myrkdalen skal vere ein stad folk vender nasen til for å oppleve eit variert utval aktivitetar og arrangement. 

Store namn avsluttar vintersesongen
I samband med det populære park-arrangementet Open Klasse, siste helga i april, kjem fleire kjende artistar til fjellandsbyen. Artistane vil sørgje for å lage ein skikkeleg folkefest for å avslutte ein lang og innhaldsrik vintersesong. Kjartan Lauritzen, Vazelina Bilopphøggers og Halie, det nye stjerneskotet frå Bergen, vil kvar sin dag stå på utescena denne helga. - Vi kliner til med gratiskonsertar i tre dagar for å takke for sesongen. Vi har plukka ut artistar som både er nye og etablerte, og som vi meiner passar for ein kvar smak. Det blir ei fantastisk helg, slår Olafsen Mustad fast. 

Etter å ha fått terningkast fem under Øyafestivalen i sommar, er rockabilly-bandet Vazelina Bilopphøggers i vinden som aldri før. Kjartan Lauritzen, rap-talentet og gledesspreiaren frå Balestrand, spelar i Myrkdalen for tredje år på rad. Sidan sist har han blitt endå varmare i trøya, og låtane «Havanna» og «Fredag» har til saman over fem millionar avspelingar på Spotify. 16 år unge Halie imponerte stort då ho hadde sin debutkonsert under Vill Vill Vest. Bergens Tidende gav ho terningkast seks for konserten. Ho er allereie sikra til neste års Bergenfest og Slottsfjell. 

Arena for kultur og aktivitet heile året
Myrkdalen har sakte men sikkert bygd opp fleire faste arrangement gjennom året. Alt i frå barnefestivalen, SkiSeksa, Open Klasse og MyrkLeik. Dei har jobba aktivt med å få opp aktiviteten om sommaren og hausten. - Vi har opplevd ei sinnsjuk interesse for tilboda i haust. Dei fleste arrangementa har vore utselde lenge før datoen, fortel marknadsdirektør Kaia Finne. 

Fram mot vinteropninga Pray for Snow i desember, blir det mellom anna arrangert yogahelg, og musikalsk og kulinarisk aftan med Sjur Hjeltnes og meisterkokk Ørjan Johannessen. I tillegg vil Myrkdalen sørgje for julestemning med julemarknad og julegrantenning på det nye bilfrie torget i desember. 

Stort program i vinter
- Under sesongopningsdagen Pray for Snow 16. desember vil vi feire starten på sesongen saman med DJ Friendly, fortel Pernille Olafsen Mustad. Andre høgdepunkt i vinter er tapas og dans på hotellet med Tor Endresen i januar. I februar blir det barnefestival med Mikkel og Mikkeline, same dagar som det blir konsert med Jan Eggum – òg danseshow med Absence Crew. I mars kjem det populære bandet Stavangerkameratene til dalen.

Utanom konsertar er programmet spekka med ulike skirenn, kurs, barnearrangement, afterski og anna moro. - Det er utruleg kjekt for oss som jobbar i Myrkdalen å skape så mykje liv og røre for både lokale, tilreisande og hytteigarar. Vi ser fram til ein innhaldsrik vinter, fortel arrangementsansvarleg Pernille Olafsen Mustad.