Kva med å få den ultimate skiferien med gjengen din? Utan å måtta reisa utanlands kan de oppleva eit pudderparadis som gir gåsehud og eit kick utan like.
Reis til Myrkdalen – Det komplette vinterparadiset i Vest-Noreg.
Historisk sett skil Myrkdalen seg ut for sine høge snømålingar, og vart nyleg kåra til ein av verdas ti beste* stader for pudderkøyring.
MYRKDALEN SKISENTER
To 6-setars stolheisar
Tre T-krokheisar
Tre tallerkentrekk
Eitt saktegåande rulleband for nybyrjarar og born
22 varierte løyper og parkar
Pause video
TIPS: Reis til Myrkdalen midt i veka når det er færre folk. Då har du fjellet nesten heilt for deg sjølv.
Myrkdalen er eit av dei mest snøsikre skianlegga i Noreg, midt i eit mektig landskap av fjell og fjord. Løypene er alltid nypreparerte og urørt snø er berre nokre stavtak unna. Her er lett å koma til – 2 timar frå Bergen og 5,5 timar frå Oslo.
Myrkdalen er kjent for å vera ein komplett og snøsikker destinasjon som mange har på bucket-lista si, og fleire og fleire ski-entusiastar frå inn- og utland har funne vegen hit dei siste åra.
Det er dei velpreparerte løypene og urørt pudder som har stått høgt i kurs
meiner Klaus Finne frå Voss. Han er tidlegare landslagsutøvar i freestyle og jobbar no som innhaldsprodusent i Myrkdalen.
Klaus Finne veit å finna dei beste linjene
- I tillegg har du alt du treng i nærleiken - Frå restaurantar, kaféar og barar til sportsbutikkar, skiutleige og treningssenter. Her er også eit mangfald av ulike aktivitetar, både med og utan ski på beina, fortel han vidare.
Myrkdalen Hotel med ski inn - ski ut
Med ski inn - ski ut Myrkdalen Hotel like ved bakken er det berre å spenna på seg skia etter ein god frukost og skli rett ut i nypreparerte løyper.
Hotellet tilbyr fleire hotellpakkar til gunstige prisar - og med skikort inkludert.
Rå skikøyring og dei beste linjene
Gjennom skisesongen er Myrkdalen blant norske skistader som tronar høgast på snømålingane.
- Ein kvar topptur-entusiast kan få oppfylt sin våte draum om spennande frikøyringsmoglegheiter, seier Klaus og smiler entusiastisk.
Han veit kva han snakkar om. Han er nemleg ein av dei som jaktar ivrig etter dei beste linjene, og kan ikkje få nok av rå skikøyring.
TIPS til topptur:
Bjørndalskamben (1402 moh)
Finnbunuten (1358 moh)
Begge tek utgangspunkt frå skisenteret og er flotte dagsturar som byr på fin utsikt.
For deg som ikkje er så godt kjent i området er det mogleg å få skreddarsydd draumetoppturen med guide.
TIPS til skientusiasten: Er det éin ting du ikkje bør gå glipp av når du fyrst reiser på skiferie i Vest-Noreg, er å ta den ikoniske Flåmsbana. Hopp så av toget på Vatnahalsen og førebu deg på årets råaste skikøyring med fine nedfartar i alle himmelretningar!
Det er også fine forhold for fjellski, dersom du føretrekk det. Gå langs Rallarvegen, ta ein runde rundt Reinungavatnet eller få utsikt frå Reinunga eller Skjebergsnuten.
- Me formidlar gjerne kontakt til sertifiserte fjellførarar om nokon ynskjer det, seier Klaus.
Kontrastfylte opplevingar
Omkransa av fjell og fjord har gjeve Myrkdalen eit særpreg som byr på kontrastfylte opplevingar.
Klaus fortel at det ikkje berre handlar om fartsfylt skikøyring, pudder og strøkne løyper.