Pumptrack, sykkelløype og hopplinjer

Den 850 kvm store pumptracken rett utanfor Myrkdalen Hotel er svært populær blant små og store.

  • Sommer
  • Høst
  • Familie

Det er den største i sitt slag i regionen og ein kan bruka alt frå skateboard, sparkesykkel, balansesykkel og vanlig sykkel for å læra og utvikla sykkelteknikk.

Me har også sykkelløype ovenfor hotellet, med ulike element for born og nybegynnare. Ynskjer du meir hopp og sprett kan du testa ut hopplinjene i ulike vanskelegheitsgrader, like ved skibrua.

Sykkelanlegget er opent kvar dag i sommer- og haustsesongen og er gratis å bruka for alle.

Myrkdalen Sport og Skiutleige har eit godt utval av terrengsykler til leige.

Phone: +4747471600