Restaurant Nuten
Me veit at noko av det beste etter ein aktiv dag er eit langt, godt måltid i hyggeleg selskap. I Restaurant Nuten får ein servert næringsrik mat laga av lokale og sesongbasterte råvarer. Maten smakar som landskapet, vilt og reint – med innslag av friske overraskingar! Restaurant Nuten er ope kvar dag i vintersesongen.
Opningstider & menyar Restaurant & kafèar
På frukosten får du alt du treng for å halda energinivået oppe for ein lang dag med innhaldsrike opplevingar. Her finn du blant anna heimelaga pølser, leverpostei, gravlaks og røykelaks, laga i vårt eige røykehus på utsida av hotellet
Middag
Restaurant Nuten er ope kvar dag gjennom heile vintersesongen for middagsgjester. Her kan du velgja mellom velsmakande à la carte-rettar og dagens 3-rettars middag.