Nuten Fondue

Restaurant Nuten Fondue

I Nuten Fondue på Myrkdalen Hotel får du ei sosial og spanande matoppleving for deg og dine vener!

Du får både kjøt- og ostefondue med masse godt tilbehøyr.

Nuten Fondue

Fondue er kjent som ein gamal sveitsisk mattradisjon, og sjølve ordet "fondue" er opphaveleg fransk og tyder "smelta".

Dette er eit populært og sosialt måltid der du får servert bognande fat med små bitar av ulike typar kjøt som svin, okse og kylling, masse smelta ost, brød, fleire ulike sausar, grønsaker, frukt og pommes frites. Små fonduegryter med olje til å steika i vert plasserte på bordet.

Eit fonduemåltid er perfekt om de ynskjer ei unik og velsmakande matoppleving saman, der praten går lett og latteren sit laust rundt bordet. Velkomen til Nuten Fondue.

Kr 475,- per person.

Bestill fondue 

Bestill innan kl. 14.00 same dag. Fondue er tilgjengeleg frå kl. 18.00.

Ynskjer du berre oste- eller kjøtfondue, bestill direkte hjå hovmesteren eller send e-post til: restaurant@myrkdalenhotel.no

 

Nuten Fondue
Eit sosialt måltid med venner, familie eller kollegaer