Selskap og selskapslokale

Me ynskjer deg velkomen til å feira bryllup, konfirmasjon, fødselsdag, dåp eller jubileum hjå oss på Myrkdalen Hotel.

Lokala våre er eigna for alle typar selskap og våre serviceinnstilte medarbeidarar legg til rette for at dagen blir akkurat slik de ynskjer det.

Storebotn Selskapslokale

Storebotn selkspslokale er tilrettlagt for selskap av alle slag. Her dekkjer me med runde bord eller langbord etter ditt ynskje. Dansegolv og moglegheit for levande musikk, samt eigen bar i lokale er nokre av tilboda i dette selskapslokale. Lokalet er lyst og luftig, men har samstundes ein lun atmosfære. Lokalet kan leigast heile året. 

Kapasitet
Minimum: 50 pers
Maksimum: 100 pers

Prisdøme kr 1350,- per person
- Velkomstdrink med servering av fingermat
- Tre-rettars middag med andregangsservering
- Vinpakke til maten
- Nattmat

Oppgradering til fire-rettars middag: kr 145,- per person 

Tilbodet inkluderer også:
- Dekking med dukar, servietter, lys, servering og rydding
- Enkel bar i lokalet med bartender
- Dansegolv
- Kaffebord til medbrakte kaker

Myrkdalsstovo

I Myrkdalsstovo får du ein avslappa atmosfære der me serverer myrkdalstapas. Ein fullspekka buffèt med mykje god mat med eit vidt spekter av smakar. Frå scampi og røykelaks, salatar av ulike slag til lokal spekemat og spanske pølser! Me dekker bord i ‘vinterhagen’ og har god plass til dans og mingling etter maten. Lokalet kan leigast heile året (om vinteren frå kl 19).

Kapasitet
Minimum: 30 pers
Maksimum: 70 pers

Prisdøme kr 810,- per person
-Velkomstdrink med servering av fingermat
- Myrkdalsstapas med dessert
- Nattmat 

Tilbodet inkluderer også:
- Dekking med dukar, servietter, lys, servering og rydding
- Enkel bar i lokalet med bartender
- Dansegolv
- Kaffebord til medbrakte kaker

Prisliste på drikke til maten kan sendast på førehand

Barnedåp, navnefest og konfirmasjon

Held de feiringa av born og unge her på Myrkdalen Hotel, får de rolege omgjevnadar, stor plass og moglegheit for eige lokale. Me anbefalar to-rettars lunsj, då vert alle mette og ein er klar for dei tradisjonsrike kakene som ofte høyrer til under slike feiringar.

Prisdøme
To-rettars lunsj, forrett og hovudrett kr 355,- per person
Kaffe og kakebord for medbrakte kaker kr 55,- per person
Mineralvann på borda, betalast etter forbruk kr 45,- (0,33l)

Minnestund

Ei minnestund krev ofte god plass med fred og ro. Me tilbyr rolege omgjevnadar og store lokale der ein kan minnast sine kjære på ein god måte. Me dekker borda og legg ellers til rette slik ein måtte ynskje det.

Prisdøme

Snittar
Snittar, 3 stk per person (ost og skinke, roastbiff, røykelaks): Kr 75,-
Snitter, 5 stk per person (ost og skinke, roastbiff, røykelaks, kalkun, brie): Kr 125,-

Karbonadesmørbrød med tilbehør            
1 karbonade per person: Kr 145,
2 karbonader per person: Kr 219,-

Gryterettar
Kylling i Skogsoppsaus: Kr 179,- per person
Biff Stroganoff: Kr 195,- per person
Lammefrikassè: Kr 219,- per person 
Gryte med økologisk lam fra Een Gard: Kr 255,- per person
Alle rettar blir servert med grønnsaker og valfri potetstappe, steikte poteter, kokte poteter eller ris

Kaffi og mineralvatn
Kaffi og kakebord for medbrakte kaker: Kr 55,- per person
Mineralvann på borda, betalast etter forbruk: Kr 45 (0,33l)