Selskapslokaler - Foto: Frøydis Asp Ormåsen

Selskapslokale

Me ynskjer deg velkomen til å feira bryllup, konfirmasjon, fødselsdag, dåp eller jubileum hjå oss på Myrkdalen Hotel.

Lokala våre er eigna for alle typar selskap og våre serviceinnstilte medarbeidarar legg til rette for at dagen blir akkurat slik de ynskjer det.

Storebotn Selskapslokale

Bryllup på Myrkdalen Hotel

Storebotn selskapslokale er tilrettlagt for selskap av alle slag. Her dekkjer me med runde bord eller langbord etter ditt ynskje. Dansegolv og moglegheit for levande musikk, samt eigen bar i lokale er nokre av tilboda i dette selskapslokale.

Lokalet er lyst og luftig, men har samstundes ein lun atmosfære. Lokalet kan leigast heile året.

Kapasitet
Minimum: 50 pers
Maksimum: 100 pers

Fjellstova Vetlebotn

Fjellstova Vetlebotn

I Vetlebotn får du ei unik oppleving! Med fjellstova plassert midt i skibakken ligg alt til rette for eit heilt spesielt selskap. Her oppe kan du feire heilt uforstyrra og nyta utsikta utover Myrkdalen og dei fine fjella rundt. I fjellstova serverer me norsk tradisjonsmat basert på kortreiste råvarer. Drikka skal også helst vera lokal, men me tilbyr sjølvsagt langreiste variantar etter ditt ynskje.

Her oppe i fjellet er moglegheitene mange – heisen er rett utanfor døra, skisesongen er lang og heile sommaren og hausten byr fjellet opp til dans. Ta kontakt med oss og fortel oss om akkurat din draum – me skal gjera det me kan for å få realisert den saman med deg.

Kapasitet
Minimum: 50 pers
Maksimum: 120 pers

Myrkdalsstovo

Myrkdalsstovo
Myrkdalsstovo har kapasitet til 70 personar

I Myrkdalsstovo får du ein avslappa atmosfære der me serverer myrkdalstapas. Ein fullspekka buffèt med mykje god mat med eit vidt spekter av smakar. Frå scampi og røykelaks, salatar av ulike slag til lokal spekemat og spanske pølser!

Me dekker bord i ‘vinterhagen’ og har god plass til dans og mingling etter maten. Lokalet kan leigast heile året (om vinteren frå kl 19).

Kapasitet
Minimum: 30 pers
Maksimum: 70 pers

Kontakt oss for prisar