Sentrumsutvikling i Myrkdalen

Eiendomsavdelinga i Myrkdalen har lært endå meir om kva gjestane ynskjer seg, og saman med MAD arkitekter har me vidareuvikla framtidsplanane våre. Resultatet er ein ny sentrumsplan som legg opp til ein moderne fjellandsby med tydeleg bystruktur, gode offentlege rom og varierte bygg.

For å bevara ein koseleg atmosfære, blir bygningane lågare og einingane mindre enn den opprinnelege tanken. - Me legg opp til kvartalar med smale gater og breie fortau, smau, hagar og bytorget som sjølve hjarta midt i fjellandsbyen. Omkransa av varierte bygningar med handel og servicefunksjonar på gateplan, vert ein urban situasjon skapt. Ein allmenning som strekk seg nord-sør vert ein felles kommunikasjonsåre, fortel prosjektansvarlig i MAD arkitekter, Tom Juul-Gam.

Då arkitektane kom inn med nye blikk, opplevde dei den dramatiske kontrasten mellom dei små hyttene og det store hotellet. Fleksibel og finmaska bygg i mellomskala skal supplera dagens situasjon.

- Me vidarefører det gode arbeidet som er starta med områdereguleringa og hotellet: Tradisjonell materialbruk, moderne uttrykk og gode, robuste løysingar. Heilheita i utviklinga er vesentleg. Myrkdalen er ein fantastisk stad! Ikkje berre er dei ekstreme snømengdene om vinteren ein attraksjon. Dalen er også svært frodig og vakker om sommaren, sier Juul-Gam.

Arkitekten meiner sentrumsleilegheitene vil supplera tilbddet som allereie fins, og gjera det lettare for unge, nyetablerte menneske å kjøpa seg ein fritidseigedom. I Myrkdalen er det sterkt fokus på bærekraft og miljø, og me ynskjer ikkje at sengene skal stå kalde. Eigedomsdirektør Nils Akselberg peikar på at hotellet stort sett er fullt i jule-, vinter- og påskeferiar, alle helger om vinteren og i dei tre sommarmånadane.

- Alle dei nye leilegheitene er bygd og konstruert med tanke på utleige til hotellet når dei ikkje er i bruk. Slik kan du sjå på dei som investeringsobjekt, meiner Akselberg, som ynskjer å sjå ljos i vindaugene på tysdagar også.